Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Statnett vil ikkje rive gamle kraftmaster i fjellet

Fleire kraftprodusentar meiner at høgspentleidningen mellom Vågåmo i Gudbrandsdalen og Osbu ved Sunndalsøra ikkje trengst lenger og kan rivast. Men Statnett, som eig kraftlinja, seier nei, skriv NRK.

Den åtte mil lange kraftlinja frå 1960-talet tek opp nesten 3.000 dekar med fjell- og jordbruksterreng i sårbare villreinområde i utkantane av nasjonalparkane Reinheimen og Dovrefjell-Sunndalsfjella.

Det er kraftselskapa Eidefoss Nett AS, Hafslund ECO, Opplandskraft DA, Eidefoss Vasskraft AS, Oppland Energi AS, Nedre Otta DA og Øvre Otta DA som har foreslått at Statnett aukar kapasiteten på anlegget sitt i Vågå, slik at den lange og gamle kraftleidningen til Vestlandet kan rivast. Ein ny transformator kan gjere heile det åtte mil lange strekket med stålmaster overflødig, meiner dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi meiner den gamle kraftleidningen uansett har avgrensa levetid, og at forslaget vårt både er økonomisk fornuftig og eit godt miljøtiltak, seier Egil Skøien i Hafslund ECO til NRK.

Men både Statnett og Olje- og energidepartementet har avvist forslaget. Statnett meiner det er mest rasjonelt å la kraftlinja stå framfor å byggje ein ny transformator. Statnett vil selje kraftlinjetraseen og vil overlate til kjøparen å avgjere om mastene skal takast ned eller ei.

Naturvernforbundet støttar kravet frå kraftselskapa om at kraftlinja bør fjernast om ho ikkje trengst.

– Om det er slik som dei lokale kraftselskapa her hevdar, at dette er ein trasé som kan erstattast av ein mindre teknisk installasjon, bør det ikkje vere nokon tvil om at Statnett må rive kraftleidningen, seier Truls Gulowsen i Naturvernforbundet, som også minner om at 2021 markerer starten på FNs tiår for naturrestaurering.

(©NPK)