
Stadfesta: Brenna ut og Skjæran inn i Støre-regjeringa
Tonje Brenna går ut av regjering. Kjersti Stenseng blir arbeids- og inkluderingsminister, medan Bjørnar Skjæran gjer statsrådscomeback.
Det stadfestar regjeringa i ei pressemelding tysdag.
Brenna har vore statsråd dei siste fire åra – først som kunnskapsminister og deretter som arbeids- og inkluderingsminister. 36-åringen har til no inga erfaring som stortingsrepresentant, men vart vald inn i år for Akershus.
Kjersti Stenseng tek over Brennas rolle som arbeids- og inkluderingsminister, medan Bjørnar Skjæran tek over som kommunalminister etter Stenseng.
Han var fiskeri- og havminister i Jonas Gahr Støres regjering frå 2021 til 2023. Sidan han gjekk ut av regjering har Skjæran sete på Stortinget.
Fleire medium har erfart regjeringsendringa i forkant.
Resten av regjeringsmedlemmene frå Arbeidarpartiet held fram i posisjonane sine, blant dei Aps andre nestleiar Jan Christian Vestre som helse- og omsorgsminister. (©NTB)