
SSB anslår eitt rentekutt til i år og to i 2026
God vekst i norsk økonomi og høg lønnsvekst gjer at Statistisk sentralbyrå (SSB) berre ventar eitt rentekutt til i år og to til neste år.
– Styringsrenta kjem då ned til 3,5 prosent mot slutten av 2026, seier Thomas von Brasch i SSB i ein artikkel på byåret si nettside.
Prisveksten i august var høgare enn venta. Det har fått mange økonomar til å snu i analysen sin om Noregs Bank kjem til å kutte i renta på torsdag.
Men økonomane er usamde. Dei som framleis trur på rentekutt, peikar på at det var det sentralbanken antyda etter førre rentekutt i juni, og dessutan at arbeidsmarknaden i Noreg har svekt seg.
Økonomane som på den andre sida har snudd og trur rentekuttet blir utsett til desember, viser til høgare kjerneinflasjon enn venta, og at både lønnsveksten er høgare og norsk økonomi går betre enn banken såg for seg.
SSB trur at lønnsveksten kjem til å vere god framover og viser til at årsveksten i avtalt månadslønn var på 5,3 prosent i andre kvartal. Det er høgare enn dei tre kvartala før og høgare enn venta.
– Lønnsutviklinga i år har vore overraskande høg og langt over den anslåtte ramma i frontfaget på 4,4 prosent. Vi har derfor oppjustert anslaget for lønnsveksten i år til 4,9 prosent, seier Thomas von Brasch.
Anslaget til byrået for prisstigninga inneber at reallønnsveksten blir rundt 1,9 prosent i år.