Sommarkjensla treffer nesten heile landet
(NPK-NTB): Vi får eit glimt av sommar igjen. Vestlandet får det best, men nesten heile landet kan kose seg med sommarlege temperaturar.
– Dette er noko som skjer av og til om hausten. Det er kanskje litt meir typisk i byrjinga av september, men det kan også skje som no, på tampen, seier statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis ved Meteorologisk institutt til NTB.
På same tid har vi fått eit lågtrykk litt sør for Island og eit høgtrykk frå aust. Dei to systema gir ein sørleg luftstraum, og det kjem varmare luft frå Spania og Frankrike som flyttar seg nordover.
Lett 24 grader
Dette gir gode 20 grader. På toppen av dette kjem det enkelte stader ein fønvind. Det er varm vind som strøymer ned frå baksida av fjella.
– Her kan det lett bli 24 grader, seier Tsopouridis.
Dette vil skje onsdag i bergensområdet og enkelte stader i Møre og Romsdal, i Sunndalsøra og Tafjord.
Meteorologen vil ikkje love rekordar. Men for dei som vil følgje med, kan ein notere følgjande tidlegare rekordar: I Tafjord 25,5 grader 14. oktober 2018, i Sunndalsøra var det 25 grader 9. oktober 1995 og i Bergen var 25,8 grader 22. september 2006.
Dei som er i fjellet enkelte stader i Hordaland og Rogaland, må følgje med. Frå natt til onsdag er det venta kraftige vindkast og liten storm i fjellet. Det kjem også til å blåse sterk kuling frå søraust på kysten av Rogaland.
– Det kan bli liten storm i fjellet. Spesielt i indre strøk. Her må folk passe litt på, seier Tsopouridis.
Gåve til Troms og Finnmark
Den gode varmen som først treffer Vestlandet, kryp etter kvart nordover.
– I Trøndelag kjenner ein den varme lufta best torsdag. Somme stader vil det bli opp til 19 grader. Det same gjeld Nordland. Her kan det bli mellom 17 og 18 grader, seier han.
Endå litt lenger nord får ein også ein liten pause frå regnet og får lengre periodar med sol. Men dette vil variere lokalt.
– I Bardufoss til dømes kan ein få 15 grader, medan det andre stader blir nærare 10 grader i dagane før helga. Gåva til Troms og Finnmark: Det blir meir sol enn ein har hatt her i det siste, sjølv om det vil blåse litt.
Vil vare i sør
Austlandet og Sørlandet får det også framleis varmt framover, men ikkje dei same temperaturane som på Vestlandet.
– Det blir mellom 16 og 18 grader fleire stader, men meir skya. Den beste dagen denne haustferien er nok tysdagen, seier meteorologen.
Dette vêret vil vare også framover i periodar med mellom 16 og 17 grader.
På Vestlandet og i nord blir det ein annan vêrtype framover. Det kjem regn, og også mykje regn.
– Spesielt Vestlandet må førebu seg på at dette held fram inn i neste veke. (©NPK)