
Snart kan du handle i denne butikken døgnet rundt
Folk får meir handlefridom.
Torsdag 5. juni blir Coop Prix Skei digital. Det inneber at kundane får tilgang til butikken utanom ordinær opningstid gjennom appen CoopKey.
– Med CoopKey vil folk på Skei få meir handlefridom, og det håpar vi vil bidra til å gjere butikken meir relevant i kvardagen, fortel dagleg leiar Øystein Årdal i ei pressemelding.
Coop sitt digitale butikkonsept gjev kundane tilgang til butikken gjennom appen som opnar døra via BankID-autentisering. Inne i butikken kan kundane handle på eiga hand og betale i sjølvbetjent kasse. Kameraovervaking sørgjer for tryggleik og sikkerheit for både kundar og tilsette.
- Viktig for turistnæringa
På ein liten plass som Skei er det relativt langt til næraste tettstad, og då er nærbutikken eit avgjerende tilbod. Dei siste åra er det blitt stadig vanskelegare å oppretthalde drifta av små daglegvarebutikkar, men erfaringar frå andre små lokalsamfunn er at Coop si digitale løysing gjev nytt liv til bygdene.
– Mange av kundane våre er turistar og tilreisande. Det å sørge for at dei også har moglegheit til å handle daglegvarer når dei sjølve treng det, bidreg til ei god ferieoppleving, og er viktig for turistnæringa i kommunen, seier Årdal, som trur løysinga blir eit viktig løft for bygda.
- Meir moderne handleoppleving
Coop Prix Skei vil framleis vere betjent innan normal opningstid.
– Coop opna Noregs første sjølvbetjente daglegvarebutikk i 1947, og det var starten på ein ny epoke i norsk daglegvarehandel. I dag er det Coop som igjen leiar an med digitalt bemanna butikkar. Dette er ei løysing som både sikrar lokal tilstadevering og gjev kundane ei meir moderne handleoppleving, seier Aud Lundstad, kjededirektør for Coop Prix, Coop Marked og Matkroken i Coop Norge SA.
Ho vil vere til stades på opninga på Skei torsdag. Det vil også dovendyret kjend frå Prix-reklamar, og det blir servert kaffi og kaker.