Stadig fleire skular vil ha smarttelefonfri barndom, og dei fleste av dei er i dei store byane. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Smarttelefon-nei spreier seg til skular over heile landet

Fleire lokale foreldreutval (FAU) ved norske skular gjer no vedtak om at barna ikkje skal ha smarttelefon på skulen innan 2030. Og det er foreldre i storbyane som i større grad støttar dette.

Publisert

Gjennom eit felles initiativ jobbar foreldreråda (FAU) for å bli einige om å utsetje bruken av smarttelefonar til ungdomsskulen.

Ifølgje tal frå grasrotinitiativet Smarttelefonfri barndom, er det hovudsakleg skular i dei store byane som har slutta seg til vedtaket. Akershus toppar lista med 21 skular, følgd av Oslo med 13 og Vestland med 12, skriv Nationen.

Vedtaka er meint som anbefalingar, ikkje forbod. Målet er å endre norma for mobilbruk, slik at det i 2030 skal vere like naturleg å ikkje ha smarttelefon før ungdomsskulen, som det er å ha det no. (©NPK)

Powered by Labrador CMS