Sluttar som politimeister i Vest politidistrikt
Etter åtte år som politimeister søkjer Kaare Songstad avskil frå åremålet i Vest politidistrikt, melder Bergens Tidende.
Politimeistrar blir tilsette på åremål på seks år. Songstad vart politimeister 1. januar 2016 og fekk fornya sitt første åremål. Det andre går ut i 2027, ifølgje avisa.
Songstad har vore i Politidirektoratet i ein periode, og no er det altså klart at han ikkje kjem tilbake. Dermed vil stillinga bli lyst ut i løpet av kort tid.
Annonse
– Eg leier eit prosjekt som handlar om tilrettelegging for digitalisering av politiet. Det skal eg halde fram med ut året, seier Songstad.
Han fortel vidare at han søkjer avskil slik at politimeisterstillinga ikkje blir blokkert, sidan åremålet går ut kort tid etter at arbeidet i direktoratet er unnagjort.
Planen er at Songstad neste år skal bli seniorrådgivar i Vest politidistrikt. (©NPK)