I førskulegruppene går leik og læring hand i hand. Her jobbar barna med «skrivedans».

Skulestartarane i Breim barnehage

I Breim barnehage har vi 5-åringar på avdeling Dunheia, Eggenipa og Snønipa. Til hausten skal dei starte på skulen i lag.

Publisert
Angelika samtaler med barna om ulike former.

Overgangen til skulen er spanande, og barnehagen samarbeider med skulen for å bu barna på den nye kvardagen.

Trygge barn

Det aller viktigaste for skulestartarane er å utvikle gode, sosiale relasjonar til kvarandre. Dei går på besøk til kvarandre på avdelingane, har turdagar saman og leikar saman ute i barnehagen kvar ettermiddag. 

Dei to viktigaste skapa vi har er vennskap og fellesskap. I barnehagen er vi barnehagevennar.

Leik og læring

Leik er den viktigaste aktiviteten for å jobbe med inkludering. Alle barn skal ha det trygt og godt. Leiken er barn sin eigen måte å lære, arbeide og skape noko nytt på. Den legg grunnlaget for å utvikle kunnskap og ferdighetar. Å leike er ei kjelde til glede, og ein måte å lære seg spelereglane i livet.

Barna lærer best når dei er aktivt handlande og utforskande. Skal barn lære kva ord betyr og utvikle gode, stabile omgrep, er det to måtar å gjere det på:

Barna øver seg på å skrive tal.

* Gjennom direkte erfaring med gjenstandar og opplevingar (førstehandserfaringar)

* Gjennom forklaring og beskriving med ord (andrehandserfaringar)

Vi prøver å gje barna flest mogleg førstehandserfaringar, og at dei har vaksne eller større barn saman med seg som kan gje namn til gjenstandar og som kan sette ord på det som skjer. Barn må sjå, høyre, røre og gjere. Når vi set ord på ting som kan forankrast i ein konkret situasjon, forsterkar vi forståinga og utvidar omgrepsforståinga til barna.

I skulestartargruppene (førskulegruppene) møter barna skuleførebuande aktivitetar i ein kombinasjon av leik, praktiske øvingar som til dømes å lage vulkan i sandkassa, fysikkforsøk som for eksempel «flyte og synke»-oppgåver, og oppgåver i trampolineheftet som skal vere med å fremje:

* Språkleg medvit – omgrep

* Konsentrasjon

* Logisk tankegong – fysikkforsøk, flyte/synke

Barnet klipper ut former.

* Matematiske omgrep – t.d. lik/ulik, færre/fleire, stor/liten, høg/låg, ein til ein korrespondanse, teljing, former – geometri

* Kjennskap til tal og bokstavar

* Finmotorisk trening, som å skrive bokstavar i namnet sitt

Vi syng til dømes songar om alfabetet, og «Er du veldig glad og veit det» på både norsk og engelsk.

Skulestartarane på Dunheia

På avdeling Dunheia er der 6 skulestartarar. Angelika Årdal er barnehagelærar og har førskulegruppa på Dunheia. Alle skulestartarane har kvar si «Trampoline»-bok med ulike oppgåver, gråblyant, viskelêr, saks og lim med sitt eige namn på i skuffa si.

Når eg spør kva for songar dei syng, begynner dei å synge i kor «A – B – C – D – E – F – G – H – i – J – K – L – M – N – O – P»……. Dette er Alfabetsongen, og det eine barnet fortel meg at ho kunne songen allereie då ho var lita. Etterpå skal dei jobbe med ulike former. Angelika held opp eit ark med bilde av ulike former og barna fortel at det er firkant, runding, trekant, kvadrat og rektangel. Barna fargelegg ulike former, klipper ut og limer på ark. Formene blir sett saman til epletre, hus, blomster. Dei får øve auge-hand-koordinasjon, finmotorisk trening og øve seg på ulike fargar.

Barnet syner Angelika kva han har laga.

Dette er berre ein liten del av det dei gjer saman i skulestartargruppene. Enkelte gongar er dei i gymsalen og øver sosialt samspel ved å til dømes leike regelleikar som «Hauk og due» og «Raudt lys».

Skrivedans

I januar i år starta Dunheia med «Skrivedans» som metode med skulestartarane for å utvikle barna sine finmotoriske rørsler. Dei utfører ulike rørsler med armane med og utan musikk, før dei overfører same rørsler med fargestiftar på papir. Entusiasmen barna syner for metoden er stor. «Sjå, det likna på ein vulkan», kom det frå eitt av barna. «Vi har ikkje vulkanar i Norge, men det finst i eit anna land», kom det frå eit anna barn. «Det finst mange vulkanar i dinosaurlandet», sa eit tredje barn. Resultatet vart seks fargerike vulkanar med vulkanutbrot.

Målsettinga med skrivedansen er, ved hjelp av rytmiske rørsler, å kombinere:

* intellekt og kjensle

* kropp og sjel

* spent og avslappa

* takt og melodi

* sansemotorikk og psyko – motorikk

* grovmotorikk og fin – motorikk

* form, bevegelse og fordeling

Skrivedansen fascinerer barna. Dei syner stor entusiasme når dei deltek i skrivedans øvingane. Somme gongar er det mykje latter og smil, andre gongar er det djup konsentrasjon. Metoden er for barn i alderen 5-8 år, men òg for eldre barn med motoriske vanskar og lese- og skrivevanskar.

Lucinda McKnight og Maria Nicholas har forska på skriftspråket og bruken av skrivedans i eit samfunn med mykje skjermbruk. Dei har trekt fram fem punkt som er viktige og ha med seg i vår digitale verd:

* Finmotorikken blir betre.

* Det hjelper oss å hugse.

* Det er godt for trivselen.

* Det er lett tilgjengeleg.

* Det handlar om å tenke.

Finmotorikken blir betre: Når vi skriv med handa, utviklar vi avgjerande finmotoriske ferdighetar, og vi utviklar nødvendig koordinasjon for å kontrollere nøyaktige bevegelsar.

Hjelper oss til å huske: Handskrift har ei rekke sentrale kognitive fordelar, mellom anna for hukommelsen. Forsking indikere at tradisjonelt penn og papir-notat blir huska betre som følgje av den større kompleksiteten i handskriftprosessen. Der er nær samanheng mellom å lære å lese og skrive. Barna blir betre til å lese ved å øve seg på å skrive.

Godt for trivselen: Handskrift og relaterte aktivitetar, som til dømes teikning, krev berøring. Det er kreative og gode kjelder til glede og trivsel.

Tilgjenge: Å skrive/teikne kan vi gjere overalt. Vi treng berre blyant og papir, sand og ein pinne. Vi treng ikkje straum, internett, tastatur, tid til å lade osb.

Det handlar om å tenke: Det viktigaste er at det å lære å skrive, og å lære å tenke heng tett saman. Ved å lære å skrive med handa, får barna ei verktøykasse med fleire skrivestrategiar som gjev dei moglegheit for å oppfylle deira potensiale som gode, kreative og dyktige formidlarar.

Førskulegruppene skal vere ein smak av skuleførebuande aktivitet – leik og læring hand i hand.

 

Powered by Labrador CMS