Dei største varegruppene frå Russland i 2025 var fisk, fiskefôr og raps- og rybsolje til fiskefôr. Her frå ein blomstrande raps-åker i Noreg, nærare bestemt Østre Gausdal, i fjor sommar.

Høgare toll på landbruksvarer og kunstgjødsel frå Russland til Belarus

Frå 1. juli aukar regjeringa tollavgifta på landbruksvarer og kunstgjødsel. Det er snakk om ei tollavgift på 50 prosent av tollverdien i tillegg til ordinær tollavgift.

Publisert

– Dette gjer vi for å svekkje Russlands evne til å føre vidare krigen mot Ukraina, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding.

Avgjerda byggjer på liknande tiltak som EU har innført. For gjødselvarer frå Russland og Belarus skal det krevjast ei tollavgift på 6,5 prosent av tollverdien, i tillegg til 5000 kroner per tonn.

Dei største varegruppene frå Russland i 2025 var fisk, fiskefôr og raps- og rybsolje til fiskefôr. Frå Belarus var det raps- og rybsolje til fiskefôr, og dessutan linolje til fiskefôr.

Auken vil i hovudsak påverke norsk oppdrettsnæring. (©NPK)

Powered by Labrador CMS