Vestland byggjer Atløysambandet
Etter grundige vurderingar av økonomi og konsekvensar vedtok fylkestinget med 43 mot 22 stemmer å bygge Atløysambandet. Prosjektet vert eit krevjande økonomisk løft for fylkeskommunen, men er eit etterlengta prosjekt for innbyggarane og regionen.
– Det vart til slutt fleirtal for å byggja Atløysambandet, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.
– Samstundes er eg tydeleg på at ferjeavløysingsordninga må bli betre, og vi har tre konkrete punkt vi særleg vil arbeide vidare med.
Saka om Atløysambandet vart handsama i møte i fylkestinget i Nordheimsund 16. juni 2026 etter framlegg av sak frå fylkesdirektør om oppdatering av økonomiske prognosar og oversyn over eventuelle utbetringar på tilstøytande vegnett.
Krevjande, men viktig løft for regionen
Den største brua i Atløysambandet i Askvoll kommune er planlagd å bli om lag 900 meter lang, over Granesundet. Det har blitt kjempa lenge for fastlandsforbindelsen mellom kommunesenteret Askvoll og Atløy, prosjektet omfattar tre bruer og vidareføring av fylkesveg med gang- og sykkelsti både på fastlandet og øyane.
– Vi er opne på at det er eit krevjande prosjekt økonomisk for fylkeskommunen, og eg appelerer til Askvoll kommunestyre om rausheit tilbake til fylkeskommunen som no investerer over 3 milliardar kroner i rassikringsprosjektet Heilevang og Atløybrua, seier Askeland.
Etter vedtatt kostnadsramme på 1 830 millionar kroner (2025-kr.) og byggestart i 2025, viste anbodsprosessen at kostnadane vart høgare. Etter grundige saksførebuingar og politisk debatt går fylkeskommunen no vidare med prosjektet med ny kostnadsramme på over 2 milliardar kroner.
Kjempar vidare for betre bru for ferje-ordning
Kostnadsauken er i hovudsak knytt til auka prosjektkostnadar, høgare rentenivå og at elektrifisering av ferja har blitt billegare enn venta. Finansieringa av prosjektet kviler i stor grad på den statlege ferjeavløysingsordninga, som her gjev 17,72 millionar kroner i årlege midlar utbetalt over 45 år.
– Men ordninga har fleire svakheiter: midlane vert berre justerte med 2,5 prosent i året, medan byggekostnadane har stige langt raskare. Risikoen for fylkeskommunen blir også for stor når vi må dekke all eventuell kostnadsauke sjølve, seier Askeland.
I tillegg er spørsmålet om rentekompensasjon uavklart. Staten har ikkje gitt garanti for framtidige løyvingar sjølv om fylkestinget og Stortinget tidlegare har bedt regjeringa gjere dette som ei permanent ordning.
Ein ny rapport om moglege positive konsekvensar ved endringar i ferjeavløysingsordninga vart lagt fram i møtet 16. juni.
Framtid, tryggleik og utvikling for heile regionen
Fylkestinget ser det som særleg nyttig å jobbe vidare med tre forbetringspunkt skildra i rapporten: endringar i rentekompensasjonsordninga, moglegheita for å rekne ut ferjeavløysingsmidlar på nytt etter at ferjeavløysingsprosjekt er kostnadsrekna for første gang, og justering av den årlege indeksen for ferjeavløysingsmidlar.
– Ferjeavløysingsordninga gir eit bidrag til finansieringa. Men, frå utgangspunktet om at desse statlege midlane skulle dekka 2/3 av bruprosjektet, er den fylkeskommunale andelen no heile 60% av prosjektkostnaden. Vi treng betre statlege vilkår for at slike samferdsleprosjekt skal vere berekraftige over tid, seier Askeland.
Vestland har ni prosjekt som er godkjente som ferjeavløysingsprosjekt: Ytre Nordfjord/Kystvegen, Atløysambandet, Masfjordsambandet, Bjelkarøysambandet, Huftarøy-Reksteren, Huglo-sambandet, Sunnfast, Fjellbergsambandet og Ytre Steinsund som er under bygging og planlagd ferdig i 2026. No er det også endeleg start for Atløysambandet.
– Fylkestinget har hatt grundige prosessar i saka, så no vert prosjektet gjennomført. For innbyggarane på Atløy handlar det om kvardag, tryggleik og framtid, og utviklingsmoglegheitene er der for heile regionen, seier Askeland.