Gondol Kjøsnesfjorden.

Sjå på gondolsaka ein gong til, Liv Signe Navarsete!

Statsforvaltaren har lagt vekt på at gondolbana i Kjøsnesfjorden vil kunne bli eit verdfullt turisme-og reiselivsprosjekt for kommunen - og ha stor samfunnsnyttig verdi, men har likevel kome med motsegn mot prosjektet. Det er grunn til å setje søkjelys på nokre av innvendingane.

Statsforvaltaren meiner at planforslaget vil ha store negative konsekvensar for tradisjonelt friluftsliv og eksisterande bruk av området. Lokalkjende folk og erfarne turgåarar fortel at det nesten aldri er folk på Tverrfjellet. Trafikken gjennom Lundeskaret er heller ikkje til å bli imponert av. På årsbasis er det truleg ikkje meir enn éin turgåar for dagen. Vil denne eine personen velje ikkje å ta turen om han ser ein moderne løypestreng bak seg når han går opp sherpatrappene i Lundaskaret? Og er denne opplevinga så negativ at det skal velte eit prosjekt som kan skape så mange kjærkomne arbeidsplassar i Jølster?

Statsforvaltaren har funne ut at den truga naturtypen "kalkfattig og intermediært snøleie" er registrert ved toppstasjonen. Det er ikkje kartlagt om den same jordtypen òg er å finne i resten av grenseområdet til den store og langstrekte Jostedalsbreen, men eit kart frå Miljødirektoratet viser at han er observert mange stader i landet. Så er spørsmålet om denne naturtypen, som ein truleg finn mellom berga og steinane på Tverrfjellet, vil bli skada på noko vis av dei få turgåarane i området.

Hallvard Viken.

 Eit problem skal òg vere at tiltaket ligg i eit samanhengande naturområde med urørt preg. Biletet som er teke på Tverrfjellet, viser tydeleg at dette ikkje er rett. Frå området ved toppstasjonen vil ein sjå bort på den store demninga ved Trollevatnet som skaffar vatn til Kjøsnesfjorden kraftverk, som er eit av dei største i regionen. I området er det i tillegg fleire tilførsletunnellar, og vassføringa av elva til Lunde er sjølvsagt alvorleg redusert.

Statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, har vore ein dyktig politikar for Senterpartiet med ei fortid både som stortingsrepresentant og statsråd. Ein viktig programpost for Senterpartiet har vore at det skal bu folk i heile landet, og dei skal få arbeid der dei bur. Gondolprosjektet som optimistiske og initiativrike jølstringar prøver å realisere, vil medverke til at denne sentrale programposten kan bli oppfylt i eit område som skrik etter nye arbeidsplassar.

Sjå på denne saka på nytt, Liv Signe! Medarbeidarane dine har berre fokusert på problem i heile dokumentet, og mykje av innhaldet er feilaktig. Som statsforvaltar har du ansvar for at utkantane i fylket ikkje blir avfolka.

Hallvard Viken, Skei

Powered by Labrador CMS