Sikta etter dødsfall i Bremanger blir sett fri 

Mannen som er sikta etter at ein mann vart funnen livlaus i Kalvåg i Bremanger i starten av august, blir sett fri frå varetekt.

Publisert Sist oppdatert

Det opplyser politiet i ei pressemelding. Det er ikkje lenger fare for bevisøydelegging, og mannen kan dermed setjast fri, opplyser Vest politidistrikt.

Det er gjennomført ei førebels rettspsykiatrisk vurdering av den sikta.

Mannen er sikta for å ha forlate nokon i ein hjelpelaus tilstand.

Ein mann i 30-åra vart natt til søndag 2. august funnen livlaus på nedsida av ein over 10 meter høg fjellskrent i Kalvåg i Bremanger. Det vart prøvd livreddande førstehjelp, men mannen vart erklært død på staden.

Politiet held fram etterforskinga. Dei ventar mellom anna på den endelege obduksjonsrapporten av avdøde og skal gjennomføre fleire avhøyr av den sikta.

– Den sikta er prega av situasjonen og gir klart uttrykk for at han ikkje kjenner seg igjen i siktinga, sa forsvararen hans, Paul-Inge Angelshaug, til Bergens Tidende tidlegare denne veka. (©NPK)

Powered by Labrador CMS