Bremanger Sanitetsforening har brukt koronaepidemien til planleggingsarbeid av ein helikopterlandingsplass i kommunen.Foto: Audun Braastad/NTB/NPK.

Sanitetskvinnene vil byggje helikopterplass i Bremanger

Bremanger Sanitetsforening har brukt koronaepidemien til planleggingsarbeid av ein helikopterlandingsplass i bygda.

– At Bremanger manglar ein skikkeleg helikopterlandingsplass har vore diskutert i årevis. Men no er vi klar til å gjere noko med det, seier leiar Reidun Torvanger i Bremanger Sanitetsforening til Firdaposten.

– Vi har snakka med erfarne pilotar i luftambulansetenesta for å finne ut kva som må til for å kunne ta ned også dei nye store redningshelikoptera. Vi kjenner alle til korleis beredskapsutviklinga er i bygdene no og du veit aldri kor tid det trengst helikopter i livreddande oppdrag, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å sjekke ut tekniske og operative krav til ein landingsplass, har sanitetskvinnene også skaffa ein leigeavtale på aktuell tomt og fått ein entreprenør til å sjekke grunnen og kor omfattande arbeid som må til for å kunne byggje helikopterlandingsplassen.

No søkjer dei òg kommunen om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan.

(©NPK)