
Samrøystes i Stortinget: 98-oktan bensin får vere etanolfri
Bensindramaet i vår er i hamn på Stortinget: 98-oktan bensin skal også i framtida vera etanolfri.
Det er klart etter voteringa i Stortinget fredag ettermiddag.
Saka har vekt enormt engasjement. Småbåteigarar, motorsyklistar og folk i veteranbilmiljøet er blant dei mange som har vore urolege for om dei vil få tak i bensinen dei treng.
No vil Stortinget sørgje for at 98-oktanten garantert blir etanolfri.
– Det har vore eit grasrotopprør. Eg tippar to millionar nordmenn har venta spent på denne avgjerda, seier stortingsrepresentant og amcar-entusiast Johan Rud (MDG).
Lite eigna for motorane
Fleire energistasjonar tilbyr berre blandingsbensin, og det skaper trøbbel for mange. Det er ei rekkje typar køyretøy og motorar som ikkje eignar seg for bensin med etanolblanding – særleg veterankøyretøy, vinterlagra motorar som motorsyklar, snøskuterar og fritidsbåtar, og dessutan ulike typar småmotorisert utstyr som straumaggregat, motorsager, pumpar og anna.
Regelverket tillèt at det kan blandast inn bioetanol – ikkje berre i 95-oktan, men også i 98-oktan bensin. Styresmaktene tok dette grepet for å gjere drivstoffet meir miljøvennleg.
MDG og Frp gjekk i bresjen for at 98-oktanten burde få fritak frå dette kravet, slik at folk kan vere sikre på at bensinen er etanolfri, og sleppe at det blir skade på motorane. Det utgjer uansett berre ein veldig liten del av drivstoffet som blir omsett, og klimagassutsleppa er neglisjerbare, argumenterte MDG.
Etter kvart vart òg Høgre med på tanken, men la fram eigne forslag med noko varierande ordlyd. Også Sp har støtta at 98-oktanen skal vere etanolfri.
Ap og SV snudde i siste liten
Klima- og miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) har derimot vore skeptisk til å stille krav om dette. Han meinte at regjeringa ikkje burde gripe inn i drivstoffmarknaden og bestemme kva aktørane skal tilby.
Berre timar før Stortinget skulle behandla forslaga, snudde likevel Arbeidarpartiet og SV. I siste liten erklærte dei to partia si støtte til eit forslag frå Senterpartiet, som vart lagt fram same morgon.
Senterparti-forslaget gjekk ut på å sikre at 98-oktanen skal halde fram med å vere etanolfri – utan atterhald.
På bordet låg òg eit forslag frå Høgre, som gjekk ut på at folk skal vere sikra tilgang på drivstoffet, men der det blir presisert at det skal skje utan at det skaper uheldige pris- og etterspurnadsforskyvingar i marknaden.
Lang og kronglete veg til målet
MDG er litt oppgitt over at det tok 13 år før gjennomslaget kom. Rud er glad for at det er eit samla Storting som no omfamnar etanolfri bensin, men peikar på at fleire av partia så langt har slept beina etter seg eller aktivt motarbeidd initiativet.
– Vi er svært glade for at det endeleg blir ei løysing, men det blir meir omstendeleg enn det vi først foreslo. Dette blir ein omveg, seier Rud.
Feirar med motorsykkeltur
Marius Arion Nilsen i Frp skal feire med ein lengee motorsykkeltur i helga for å markere gjennomslaget. Det blir tuting og jubel på amcar- og veterantreff og på sjøen over heile landet, trur han.
– Det vil vere ein god måte å markere at fornufta sigra etter mange års kamp, seier han.
Frp ønskte seg at det blir stilt krav om at 98-oktan-bensin skal vere å få tak i over heile landet, og at folk ikkje skal trenge å reise meir enn 50 kilometer for å kunne tanke. Nilsen seier dei ikkje har gitt opp målet om å få eit krav om tilgjengelegheit. (©NPK)