Skulle denne målinga likne på valresultatet om to år, får Frp-leiar Sylvi Listhaug truleg ny jobb.

Frp set rekord på ny måling – fleirtal med Høgre

Frp får rekordhøge 35,3 prosent på ei fersk stortingsmåling frå Sentio. Saman med Høgre ville dette gitt partiet eit komfortabelt fleirtal på Stortinget.

Publisert

Frp går fram 3,1 prosentpoeng frå septembermålinga til Sentio Research og får 35,3 prosent oppslutning i oktober. Ap fell 4,8 prosentpoeng til 18,4 prosent som er den svakaste målinga for partiet sidan desember 2024.

Dette er Frps høgaste oppslutning i måleserien, som starta i oktober 1997. Den førre rekorden var 34,9 prosent i mars 2006. Partiet har nesten tre gonger så høg oppslutning som Høgre, som blir målt til 12,8 prosent.

Mandatberekninga gir Frp 68 representantar og Høgre 20. Med til saman 88 mandat ville dei to partia hatt fleirtal utan å trenge støtte frå Venstre eller KrF. Det krevst 85 mandat for fleirtal.

Dei fire borgarlege partia får samla 96 mandat, mot 73 til Ap, Sp, SV, Raudt og MDG.

Frp beheld 91,1 prosent av veljarane frå valet i 2025, medan Aps veljarlojalitet er 55,8 prosent. Frp har ein berekna nettogevinst på rundt 77.000 veljarar frå Ap og 82.000 frå Høgre sidan valet.

Venstre går fram 1,8 prosentpoeng til 4,6 prosent og kjem over sperregrensa.

– Både Venstres framgang og Aps tilbakegang er statistisk signifikant, opplyser Arve Østgaard i Sentio.

Oppslutninga, med endring frå september i parentes:

Frp 35,3 (+3,1), Ap 18,4 (−4,8), Høgre 12,8 (−0,3), Raudt 7,9 (−0,5), Sp 6,1 (+0,4), SV 5,8 (+1,2), Venstre 4,6 (+1,8), MDG 4,1 (−0,8), KrF 2,9 (+0,2) og andre 2,1 (−0,5).

1000 personar vart intervjua på nett frå 15. til 22. oktober. 822 oppgav partipreferanse. Feilmarginane er mellom 1,2 og 3,3 prosentpoeng. (©NPK)

Powered by Labrador CMS