Frå i år er talet på kilo fisk turistar kan ta med seg ut av landet, redusert frå 18 kilo til 15 kilo. Tolletaten beslagla i 2024 over 13 tonn fisk som var freista smugla ut av Noreg.

Reglane for turistfiske er skjerpa

Som varsla i sommar, vart krava for turistfiske ytterlegare skjerpa inn frå nyttår. Det er no lov å ta med inntil 15 kilo fisk eller fiskevarer ut av landet.

Publisert

Frå i år er mengda fisk turistar kan ta med seg ut av landet, redusert frå 18 til 15 kilo fisk eller fiskevarer to gonger per år. Frå 2027 er planen å redusere dette til 10 kilo per person.

Kravet til dokumentasjon er også skjerpa, og som tidlegare er utførsel av fisk berre tillaten for gjester som har fiska frå ei registrert turistfiskeverksemd, opplyser Fiskeridirektoratet.

Berre den som har fiska fisken, kan ta han ut av landet. I tillegg er det innført ei minste aldersgrense på 12 år.

I 2024 beslagla Tolletaten over 13 tonn med fisk som var freista smugla ut av landet. Det er nesten dobbelt av det som vart beslaglagt året før. Dei største beslaga blir ofte gjorde i bubil og varebil med frysar, og dessutan i tilhengarar med frysekapasitet. Tala for 2025 er ikkje klare enno. (©NPK)

Powered by Labrador CMS