Rondane er blant områda der det finst villrein i Noreg. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Regjeringa vil regulere motorferdsel for å redde villreinen

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vil regulere motorferdsel og parkeringstilbod for å redde villreinen i Knutshø, Snøhetta og Rondane.

Publisert

Tiltaka inneber mellom anna parkeringsforbod, fjerning av ein parkeringsplass og regulering av motorferdsel i fleire område.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen la fredag fram tiltaksplanar for villreinen i Knutshø, Snøhetta og Rondane.

Tiltaksplanane inneheld konkrete tiltakspakkar som er tilpassa utfordringane i kvart enkelt område. I tillegg til fem overordna tiltakspakkar knytte til arealforvaltning, ferdsel og motorferdsel, villreinhelse, bestandsforvaltning og restaurering.

I Rondane inneber det fjerning av parkeringsplassen på Spranget og utviklinga av parkeringstilbodet på vegen frå Tjønnbakken inn til spranget, medan i Knutshø skal det vere stopp- og parkeringsforbod på vegar i villreinområdet i barmarkssesongen.

På Snøhetta vil regjeringa stenge Aursjøvegen for gjennomkøyring for allmenn motorferdsel og sykling.

Målet er å stanse den negative utviklinga for villrein i desse områda innan 2030.

– Tiltaka vi no presenterer vil betre tilstanden for villreinen i desse viktige områda, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding. (©NPK)

Powered by Labrador CMS