Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil at folk som ser nattkampane under fotball-VM i sommar på pub, skal få ta seg ein øl fram til klokka 6.

Regjeringa vil opne for ølservering fram til klokka 6 under fotball-VM

Regjeringa vil at ølkranene skal kunne haldast opne fram til klokka 6 under kampar om natta under fotball-VM i sommar. Det møter skepsis frå rusorganisasjon.

Publisert Sist oppdatert

– Vi er mange som gler oss stort til å sjå herrelandslaget spele VM-kampar til sommaren. Regjeringa kjem no med ei løysing slik at folk skal kunne sjå fotball i fellesskap på utestader heilt til fløyta går. Også når kampane går seint på kvelden og på natta, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Dei mellombelse endringane gir kommunane høve til å tillate ølservering også når kampane blir spelte på natta, går det fram av eit høyringsnotat som vart lagt fram fredag.

Dei foreslår ingen endringar for brennevinsserveringa. Høyringsfristen er på seks veker.

– Dette fotballevenementet er det mange som ser fram til, og statsministeren har vore tydeleg på at vi skal finne ei praktisk løysing på skjenkeregelverket. Det kjem vi med no, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Ikkje presedens

– Generelt meiner departementet ein bør vere svært tilbakehalden med å gjere mellombelse endringar i alkoholregelverket ettersom det kan hòle ut heilskapen og konsistensen i alkoholpolitikken, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i høyringsnotatet.

– Det mellombelse unntaket er ikkje meint å skape presedens for seinare høve, skriv departementet vidare.

Det blir opp til kommunane å eventuelt gi løyve til å bruke regelendringane.

Det vil vere høve for kommunane å fastsetje ei skjenketid som er lengre enn klokka 3, men kortare enn klokka 6.

– Sjølv om det blir opna for skjenking utover natta så må folk vise omsyn til kvarandre slik at fotballfesten blir ei god oppleving for alle, seier Vestre.

Arbeidsgivar vs. arbeidstakar

NHO Reiseliv, arbeidsgivarforeininga for serveringsbransjen, er fornøgd med forslaget frå regjeringa.

– No leverer regjeringa på det dei har lova, og vi i bransjen jublar over moglegheita til å invitere heile Noreg til VM-fest, seier Tobias Strandskog-Christensen, bransjesjef for servering i NHO Reiseliv.

Han ber ordførarar og kommunestyre rundt omkring om å gå i dialog med bransjen for å sikre trygge feiringar under fotball-VM i sommar.

Fellesforbundet, som organiserer dei tilsette i serveringsbransjen, er ikkje like begeistra.

– Skjenkereglane kan ikkje endrast kvar gong det dukkar opp ei ny storhending. Dette skaper uvisse, ikkje berre for dei tilsette, men også for transport, politi og helseberedskap, seier Clas Delp, forbundssekretær i Fellesforbundet, i ein artikkel på nettsida til forbundet.

Han seier at mange tilsette i denne bransjen allereie har dårlege lønns- og arbeidsvilkår – og manglar til dømes arbeidsavtalar som regulerer overtid og nattarbeid på ein skikkeleg måte.

Rusorganisasjon kritisk

– Medgangssupporter er ikkje noka heidersnemning i fotballen. Det er likevel akkurat den rolla politikarane har teke i denne saka. Lovendringa ber preg av ønsket om å vere med på vinnarlaget. Taparen er folkehelsa.

Det seier Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis. Ho meiner kampprogrammet i fotball-VM ikkje kan «styre norsk alkoholpolitikk» – og fryktar at alkoholopninga regjeringa no legg opp til, vil skape presedens.

– Risikoen er at vi endar opp med ein alkoholpolitikk som berre er restriktiv når det ikkje er politisk krevjande å vere det. Det er jo ingen tvil om at det kjem nye høve, meisterskap eller konkurransar, der dette vedtaket vil bli brukt brekkstong for nye unntak.

Brenna fornøgd

Ap-nestleiar Tonje Brenna er på si side glad for at partiet hennar vil endre reglane slik «at folkefesten kan fortsette».

– Yes! Dette måtte vi berre få i orden, seier ho til NTB.

Brenna seier kommunane no får høve til å leggje til rette for VM.

– Fleire av kampane skal gå om natta norsk tid. Også dei som følgjer fotballfesten på pub, kan få ta seg ein øl, også om klokka blir både fire og fem.

Støre helsa landslagsspiss Erling Braut Haaland før fotballkampen i Champions League mellom Bodø/Glimt og Manchester City på Aspmyra stadion.
Powered by Labrador CMS