Regjeringa gir grønt lys til dumping av gruveavfall i Førdefjorden i tre år framover
(NPK-NTB-Solveig Svensen): Klima- og miljødepartementet innvilgar søknaden frå Engebø Rutile and Garnet AS om deponering i Førdefjorden i tre år framover.
Samtidig suspenderer departementet vedtaka etter forureiningslova som Høgsterett har kjent ugyldige, opplyser departementet i ei pressemelding onsdag.
– Dommen frå Høgsterett tyder at departementet må gjere noko med vedtaka som er kjende ugyldige. Difor har vi i dag gitt selskapet eit tidsavgrensa løyve, og suspendert dei gamle vedtaka. Vi jobbar med å vurdere om selskapet kan givast eit langvarig løyve, og håpar å ha vurderinga ferdig tidleg i 2027, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland i pressemeldinga.
Høgsterett sette ned foten
Gruveselskapet Nordic Mining, som eig Engebø Rutile and Garnet AS, søkte om eit mellombels utsleppsløyve etter at Høgsterett i juni slo fast at det opphavlege løyvet var ugyldig.
I midten av august tilrådde Miljødirektoratet at regjeringa godkjenner søknaden om mellombels utsleppsløyve for tre år i fjorden på Vestlandet.
Det var i 2015 at Klima- og miljødepartementet gav løyve etter forureiningslova til gruvedrift i Engebøfjellet, inkludert deponering av gruveavfall i Førdefjorden.
Miljøorganisasjonar gjekk til sak
Miljøorganisasjonar gjekk til sak mot staten, og etter ein mangeårig rettsprosess enda saka i Høgsterett. Retten kom til at det bryt med EUs vassdirektiv å dumpe avfall i fjorden.
Staten argumenterte i retten med at titan er eit strategisk mineral for forsvars- og luftfartssektoren, men Høgsterett slo fast at vedtaka frå 2016 ikkje var grunngitt i dette då dei vart fatta.
Saka vart difor send tilbake til forvaltinga. Det betyr at regjeringa skal sjå på om det skal givast eit nytt løyve på bakgrunn av eit nytt grunnlag. No har regjeringa innvilga utsleppsløyve for tre år. (©NPK)