Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) framskundar delar av Ukraina-støtta for å sikre raskare leveransar av luftvern og artilleri. Arkivfoto: Thomas Andersen / NTB / NPK

Regjeringa framskundar Ukraina-støtte til før jul: – Situasjonen er kritisk

11 milliardar kroner frå Noregs Ukraina-budsjett blir no omdisponerte før jul, for å sikre landet raskare våpenleveransar, opplyser regjeringa.

Publisert

– Vi framskundar moglege anskaffingar av luftvern og artilleri. Det gjer vi fordi situasjonen i Ukraina er kritisk. Dei treng jamlege våpenleveransar, og dette kan bidra til å halde oppe tempoet, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) til Dagbladet.

Heilt konkret er planen å raskt kjøpe militært materiell frå allierte land som USA, Storbritannia og Tyskland for 10,9 milliardar kroner, fordi utbetalingar direkte til ukrainsk industri har teke lengre tid enn venta.

Det kjem mellom anna av behov for kontrollmekanismar for å sikre at pengane går til det dei skal.

Noko av det Ukraina etterspør mest

Dei foreslåtte endringane inneber omdisponering av om lag 10,9 milliardar kroner frå støtte til ukrainsk industri til bidrag gjennom internasjonale finansieringsmekanismar, skriv UD i ei pressemelding fredag ettermiddag.

– Dette kan til dømes vere initiativ for anskaffingar av ammunisjon og materiell gjennom Nato og nære allierte som USA, Storbritannia, Tyskland, Danmark og Tsjekkia. Slik støtte er noko av det Ukraina etterspør aller mest, står det vidare.

Ambisjonen er å få dette til før jul, ifølgje forsvarsministeren.

– Vi veit at kapasiteten til levering er ganske god, og vi er i dialog om å få det til så raskt som mogleg, seier Sandvik til Dagbladet.

Endrar ikkje Nansen-programmet

Stortinget vedtok i april ein auke av den militære støtta til Ukraina på 50 milliardar kroner, slik at den samla militære støtta i år utgjer 72,5 milliardar kroner.

Pengane går til kjøp direkte frå ukrainsk industri og frå allierte land gjennom internasjonale finansieringsmekanismar. Endringane vil ikkje bety at Noregs bidrag gjennom Nansen-programmet aukar.

Ukraina er på knea økonomisk på grunn av den russiske invasjonen og risikerer å gå heilt tom for pengar på nyåret. Krigen har snart vart i fire år.

EU-kommisjonen har rekna på Ukrainas behov og komme til at landet treng minst 70 milliardar euro til neste år, 52 milliardar av dette til forsvar.

Powered by Labrador CMS