Det er ikkje aktuelt med momsfritak på frukt for grønt i Noreg, seier regjeringa.

Regjeringa avviser dansk forslag om momsfritak for frukt og grønt

Medan Danmark vurderer å fjerne momsen på frukt og grønsaker, meiner norske styresmakter at det vil ha vere eit lite effektivt tiltak.

Publisert

Det var i nyttårstalen sin at statsminister Mette Frederiksen sa at den danske regjeringa ville gå til forhandlingar for å senke momsen på frukt og grønt. I tillegg vil dei senke momsen på matvarer generelt.

Her i landet blir eit liknande forslag møtt med skepsis. Både Finansdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet meiner eit eventuelt kutt i moms på frukt og grønt vil vere lite effektivt.

Både Raudt, MDG, Venstre og Kristeleg Folkeparti har teke til orde for å fjerne momsen på slike varer tidlegare. Også SV har vore open for å kutte momsen på sunne varer.

– Tiltaket som blir vurdert i Danmark, er lite aktuelt i Noreg, seier statssekretær Sigrid Hagerup Melhuus (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet til Matvarewatch.

Matvarewatch er ei næringslivsavis som tek føre seg den norske mat- og drikkenæringa. (©NPK)

Powered by Labrador CMS