Administrerande direktør i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Trond Teigene. Pressefoto.

Reduserer med 20 tilsette

SpareBank 1 Sogn og Fjordane skal redusere staben med 20 tilsette, opplyser banken i ei pressemelding.

I pressemeldinga blir det peika på at banken over tid har jobba målretta for å effektivisere drifta, og sidan våren 2025 har gjennomført eit kostnadsprosjekt for å sjå på dette. No går prosjektet inn i ein ny fase. 

SpareBank 1 Sogn og Fjordane har rundt 300 årsverk og vil no redusere med 20 årsverk. Banken vil gjennom ein frivillig prosess tilby tilsette i støttefunksjonar å søkje om sluttpakkar. Prosessen er tenkt å vare fram til nyttår.

- Færre og større einingar

– Kostnadseffektiv drift og organisering er avgjerande for banken si konkurranseevne over tid. Vi ser det er rom for å effektivisere støttefunksjonane i banken. Rådgjevarane våre på privatmarknad og bedriftsmarknad er ikkje ein del av dei som får tilbod om sluttpakke, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Som ein del av prosessen vil banken også sjå på organisering.

– Vi ønskjer færre og større einingar. Dette vil legge til rette for betre og meir effektiv ressursutnytting og samarbeid internt, seier Teigene.

- Ikkje uventa

Leiinga samarbeider med tillitsvalde-apparatet i banken.

– Bransjen er i stadig endringar, og det har over lengre tid blitt jobba med kostnadskutt i banken. Det er derfor ikkje uventa at det kjem ei sluttpakkerunde og ei omorganisering. Tillitsvalde-apparatet og leiinga har vore gjennom slike runder tidlegare med ryddige prosessar, og vi forventar ryddige og gode prosesser denne gangen også, seier hovudtillitsvald Stine Solheimsnes Sunde. 

Powered by Labrador CMS