Raudt vil kutte 17 milliardar i skatt for vanlege folk
Raudt foreslår i å kutte skatten med til saman 17 milliardar kroner for lønnsmottakarar som tener under 800.000 kroner.
– Det skal merkast godt at Raudt er med på å lage budsjett. Vi gler oss, seier finanspolitisk talsperson Mimir Kristjansson da han la fram Raudts alternative statsbudsjett onsdag morgon.
Saman med partileiar Marie Sneve Martinussen gjekk han gjennom det heilskaplege budsjettforslaget frå partiet på Stortinget.
Annonse
Sentrale punkt for partiet er betre kommuneøkonomi, tannhelse, og skattelette til alle som tener under 800.000 kroner. Dette skal finansierast med endringar i formuesskatten og auka skatt til bedrifter og bankar.
Fredag ettermiddag startar budsjettforhandlingane med Arbeidarpartiet.
– Dette er ein klar beskjed til Ap om at dei må leggje bort tanken om at dei kan trakke på folk med dårleg råd, seier partileiaren. (©NPK)