
Raudt farevarsel om flaum for delar av Vestland frå onsdag morgon
Det er sendt ut raudt farevarsel om flaum i delar av Vestland frå onsdag morgon. Årsaka er dei store nedbørsmengdene som er venta.
– Vassføringa vil auke i bekker og elvar på grunn av mykje nedbør og sterk snøsmelting, skriv Varsom.no.
Farevarselet gjeld i Vestland frå Nordhordland og nordover i fylket.
Annonse
Det er venta mellom 80 og 120 millimeter nedbør tysdag og onsdag, og lokalt opp mot 120 til 150 millimeter i døgnet.
– Vassføringa er venta å nå flaumnivå frå og med onsdag ettermiddag, og flaumtoppen er venta først i løpet av onsdag kveld eller torsdag. Dette kan føre til omfattande flaumar, erosjonsskadar og flaumskadar på busetnad og infrastruktur, heiter det vidare i flaumvarselet.