Raudgrøne parti startar oppvasken etter dieselbråk
Partia på raudgrøn side skal møtast torsdag for å diskutere vegen vidare etter bråket rundt kutta i drivstoffavgiftene.
Det melder både Dagbladet , VG og NRK onsdag.
Ifølgje VG er det Arbeidarpartiet som har kalla inn budsjettkameratane sine Senterpartiet, SV, Raudt og MDG til eit møte kl. 9.30 torsdag for å reinse lufta etter at Sp braut rekkene og danna fleirtal med høgresida for kutt i avgiftene på bensin og diesel – i strid med budsjettavtalen mellom dei raudgrøne.
Vedtaket er rekna som eit solid nederlag for Ap-regjeringa.
Kjelder NTB har snakka med, vil likevel ikkje omtale møtet som eit «krisemøte».
– Det er naturleg at vi møtest for å prate om ting, seier ein.
Fryktar ingen reprimande
Ei anna kjelde opplyser at møtet først og fremst skal handle om prosessen vidare fram mot forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett seinare i vår.
Frå Senterparti-hald er tonen at ein ikkje fryktar nokon reprimande frå resten av partia etter dieselbråket.
– Vi har vore tydelege heile vegen på at vi kjem til å bruke posisjonen vår, er bodskapen derfrå.
Marthe Hammer i SV helsar på si side møtet velkommen.
– Vi har bede om at dei raudgrøne partia set seg saman for å diskutere korleis vi skal trygge folks økonomi, seier ho til NTB.
– Dei beste løysingane for å få ned forskjellane og styrkje den økonomiske tryggleiken finst på raudgrøn side. No må vi snakke om korleis vi kan sørgje for eit fungerande raudgrønt samarbeid framover.
Finanspolitisk talsperson for Ap Tuva Moflag stadfestar at ho har invitert dei finanspolitiske leiarane i dei raudgrøne partia til eit møte i forkant av forhandlingane om revidert statsbudsjett. Det skriv TV 2
– Eg har hatt samtalar med alle partia både før og etter påske, og det er naturleg at vi møtest felles i morgon for å diskutere budsjettsamarbeidet vidare framover, seier Moflag til TV 2.
– Nedtur
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa til TV 2 tidlegare onsdag at det var «en nedtur» at Sp sikra fleirtal for å kutte i drivstoffavgiftene.
– Ein avtale om budsjett er ein avtale om budsjett. Og den meiner eg alle burde følgt. Det må vi ta tak i, seier Støre, som har hatt samtalar med dei andre partileiarane på raudgrøn side i påska. (©NPK)