PST meiner prorussiske hackarar stod bak dam-sabotasje i Bremanger

Hackarar tok i april kontroll over lukkesystemet i ein dam ved Risevatnet i Bremanger i Vestland. PST meiner prorussiske hackarar stod bak.

Publisert Sist oppdatert

Det siste året har Politiets tryggingsteneste (PST) sett ei endring i aktiviteten frå prorussiske cyberaktørar, sa PST-sjef Beate Gangås på eit arrangement på Arendalsveka ifølgje VG.

– I april vart ei demning på Vestlandet utsett for ein slik operasjon. Formålet med denne typen aksjonar er å bidra til påverking og dessutan skape frykt eller uro i befolkninga i landet, sa ho.

– Den russiske naboen vår har vorte farlegare, sa Gangås.

Kripos og har etterforska hendinga.

I fire timar stod ventilane heilt opne og slapp igjennom nær 500 liter i sekundet før innbrotet vart oppdaga og stoppa. Målet var å skape frykt eller uro i befolkninga, meiner PST.

Situasjonen er uføreseieleg og Russland vil mest sannsynleg utføre fleire aksjonar mot ulike mål i Europa, meiner PST-sjefen.

Ho peika på at det i aukande grad blir gjennomført cyberaksjonar mot mål i Vesten der formålet er å forårsake merkbare eller synlege resultat.

Sidan slutten av 2023 har russisk etterretning stått bak fleire tital aksjonar i Europa, påpeika Gangås og lista opp: Aksjon mot eit Ikea-varehus i Estland, eit kjøpesenter i Polen, eit varehus med Ukraina-leveransar i Storbritannia.

I år har ein ukrainsk restaurant i Estland vorte ramma, og det vart planlagt ei sending av ei brannstiftande innretning med fly frå Tyskland til mål i Ukraina, fortalde ho vidare.

Powered by Labrador CMS