Prøver til igjen med klassisk aktivitet
- Må følgje med i tida.
Torsdag 13. november har butikkane på Sandane kveldsope. - Denne kvelden tenner vi også vinterlysa i sentrum, fortel Regine Eikenæs, Inger Karin Grov og Tone Mindresunde.
Handelsstanden på Sandane har kveldsope éin kveld i november og éin kveld i desember for å gjere det lettare for folk å få unna julehandelen. Nokre butikkar vil vel å merke også ha utvida opningstider i samband med Black Friday.
Komitéen som står bak kveldsope komande torsdag håpar på ein triveleg kveld i sentrum.
Lys i mørket
- Ei gruppe elevar frå musikklinja, The Merry 5, vil framføre norske og engelske julesongar for oss på Heradsplassen, og vi gleder oss til å høyre dei. Good Mexican Food Truck tek også turen til Sandane denne kvelden, fortel dei.
"Lys i mørket" er tema for kvelden.
- I tillegg til at vi tenner vinterlysa våre, har vi innsamling til Gatelangs i regi av Torbjørn Gran. Av brukte ting er det behov for ytterjakker, fleecejakker, ullgensarar og ullsokkar. Alt som vert levert inn må sjølvsagt vere reint og i bra stand, opplyser dei, og legg til at Gatelangs ønskjer å bidra til at vanskelegstilte i Noreg får ein betre kvardag.
Av nye ting er det behov for luer, hanskar, vottar, undertøy og hygieneartiklar som tannkostar, shampo og balsam.
Quiz i butikkane
Under kveldsope blir det quiz i butikkane.
- Det ligg eitt spørsmål i kvar butikk, og alle kundar som leverer inn eitt eller fleire svar er med i trekkinga av ei matkorg frå Bunnpris. Til fleire butikkar ein er innom, til større er vinnarsjansen, seier dei.
I fjor vart publikum oppmoda om å ha med seg lykter til sentrum.
- Det bidrog til ei veldig koseleg stemning. Vi håpar folk har lyst til å ta med seg lykter i år også. Det kan vere eit glas med lys i eller ei lommelykt, seier Regine Eikenæs.
Startar tidlegare
Komitéen ser at handlemønsteret til publikum har endra seg noko. Fleire startar julehandelen tidlegare enn før.
- Då må vi som driv butikk på Sandane følgje med i tida. Det er mellom anna bakgrunnen for at vi i dag har to kveldsope-arrangement i staden for eitt. I tillegg er det fint å fordele handelen litt, slik at det ikkje blir så hektisk den eine kvelden, påpeikar dei.