
Prisveksten og renta skal ned, lovar Støre
Om dei raudgrøne får halde fram med å styre, skal både prisveksten og rentene gå ned, lovar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Regjeringa samla seg torsdag for å leggje siste hand på verket for forslaget til neste års statsbudsjett.
I forkant av budsjettkonferansen møtte Støre og finansminister Jens Stoltenberg (Ap) pressa.
– Vår viktigaste oppgåve som skal nedfellast i dette budsjettet, er å sikre ei trygg økonomisk styring som gjer at folk får tryggare økonomi, sikrar inntekta si, og at prisveksten kan halde fram ned og renta kan halde fram ned, seier Støre.
Økonomisk vekst
Torsdag kom Statistisk sentralbyrå (SSB) med nye tal om den norske økonomien, som viser at veksten tek seg opp.
– Tala viser god vekst i økonomien, gode eksporttal, og dei viser også ein god vekst i sysselsetjinga, påpeikar Stoltenberg.
– Det går godt i norsk økonomi. Det skal vi ta vare på, slår Støre fast.
– Så skal vi trygge velferda. Og det betyr at vi må prioritere å bruke pengar på dei store oppgåvene: Helse, skule, sjukehus og omsorg, i staden for usosiale skattekutt til dei som har mest frå før.
Barnefamiliar slit
Torsdag kom det også ein ny rapport frå Sifo som viser at barnefamiliar med ei inntekt på mindre enn 800.000 kroner slit med å dekkje viktige behov. Einslege forsørgjarar er spesielt utsette.
Rapporten er laga på oppdrag av Unicef, som meiner eit betre skattesystem kan vere ein del av løysinga.
– Tala frå Sifo opptek meg veldig. Men det er verdt å merke at dei er tekne opp for litt over eitt år sidan. Og på det året som er gått, så har det også vore forbetringar i kjøpekrafta, seier Støre.
Han meiner at arbeidslinja, det vil seie å få fleire i arbeid, er det viktigaste grepet som kan takast.
Regjeringa vil likevel ikkje love fleire skattekutt for låginntektsfamiliar.
– Men vi vil sjå om vi kan lage eit meir rettferdig skattesystem, seier Stoltenberg.
Meir til forsvar
Etter at Nato vedtok eit nytt 5-prosentmål, det vil seie at 5 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) skal gå til forsvar, tidlegare i år, ligg forsvaret an til å ta ein større jafs av statsbudsjettet enn før.
Noreg er i rute og ligg allereie over 3 prosent når det gjeld løyvingar til reine forsvarsformål, seier Stoltenberg.
– Og så kjem vi til å lage budsjett som gjer at vi også når det målet om å løyve tilstrekkelege midlar til ting som er tilknytt forsvar, spesielt infrastruktur, seier han.
På spørsmål om budsjettet er innretta for å komme moglege budsjettpartnarar på raudgrøn side i møte, svarer Støre kort:
– Det vi vil leggje fram for Stortinget, er eit Ap-budsjett.
Åtvarar mot å stemme taktisk
Støre åtvarar også veljarane mot å stemme taktisk. Torsdag gjekk fleire tidlegare Ap-profilar ut og tilrådde å stemme MDG for å få partiet over sperregrensa og dermed sikre raudgrøn siger.
– Om du ønskjer at eg skal vere statsminister, så er det éin stad du skal stemme, eitt parti, éin lapp i den valbua du er – og det er Arbeidarpartiet. Det er ferdig snakka, seier Støre. (©NPK)