Prisane steig meir enn venta i desember
Prisane steig med 3,2 prosent frå desember 2024 til desember 2025, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er litt høgare enn venta.
Det går fram av SSBs siste tal for konsumprisindeksen (KPI) , som vart lagt fram fredag morgon.
Prisvekst er eit mål på kor mykje prisane på varer som mat eller klede, og tenester som bussbillett eller frisør, har stige over tid.
I november var han på 3 prosent for dei tolv månadene i førevegen, marginalt ned frå 3,1 prosent i oktober.
Noregs Bank og DNB anslo begge at desemberprisveksten ville liggje uendra på 3 prosent.
Matprisar trekkjer opp
SSB koplar prisauken til «betydeleg prisvekst på mat» og auka transport- og energiprisar. Matprisane fall med 1,7 prosent frå november til desember, men var stadig 5,2 prosent høgare i desember 2025 enn same månad året før.
– Vi er vande til å sjå at matvareprisane fell frå november til desember som følgje av diverse tilbod og kampanjar på julevarer. Dette såg vi i år òg. Vi så likevel at prisane fall mindre i 2025 enn året før. Dette trekte tolvmånadersveksten for både matprisane og KPI opp, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.
Årsveksten på passasjertransport med fly var på 4,8 prosent. Særleg prisane på utanlandsflygingar drog prisveksten oppover.
Flatare straumprisutvikling
Prisane på elektrisitet inkludert nettleige auka 6 prosent i tolvmånadersperioden, etter eit fall på 0,1 prosent frå november til desember. Dei hadde ei dempande utvikling på prisutviklinga mellom november og desember, noko SSB knyter til noregspris og straumstøtteordninga.
– I tillegg ser vi at fleire av dei ulike prisregionane til dels utliknar kvarandre. Vi må nærare 30 år tilbake for å sjå ei flatare prisutvikling på straum frå november til desember, seier Espen Kristiansen.
SSB ventar at straumkomponenten i KPI vil bli meir stabil med noregspris.
Kjerneinflasjonen (KPI-JAE) det siste året var på 3,1 prosent, opp 0,1 prosentpoeng frå november.