Prisane steig med 3,3 prosent i oktober – gjer rentekutt vanskeleg, meiner ekspert
Straumprisane dempa prisveksten i oktober. Samtidig har matvareprisane stige med over 6 prosent det siste året. Ekspert meiner tala gjer rentekutt vanskeleg.
Det opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB) måndag morgon.
– Frå september til oktober i fjor steig prisane på straum stort. I år målte me derimot eit fall i straumprisane i denne perioden, dels som følgje av noregspris-ordninga. Dette trekkjer tolvmånadersendringa i KPI nedover, seier seksjonssjef i Espen Kristiansen i SSB.
Førre månad var prisstiginga på 3,6 prosent dei førre tolv månadene. Denne reduksjonen på 0,3 prosentpoeng kjem i stor grad av utviklinga i straumprisane, ifølgje SSB.
Ekspert: Inflasjonen må ned før rentekutt
– Dette er høgare inflasjon enn venta, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg.
– Det er positivt at inflasjonen fell frå 3, 6 til 3,3 prosent, men kjerneinflasjonen steig frå 3,0 prosent til 3,4 prosent.
Begge delar er høgare enn venta, og høgare enn Noregs Banks anslag, påpeikar han.
– Isolert sett gjer desse tala det vanskeleg for Noregs Bank å kutta renta, og me er avhengige av at inflasjonen kjem ned før det kan komma eit rentekutt til.
Noregspris-effekt
Straumprisane fall frå september til oktober, men er framleis mykje høgare samanlikna med same månad i fjor.
– Innføringa av noregspris gav eit prisfall for dei sørlege prisområda i oktober, samanlikna med korleis det hadde vore med den tidlegare straumstøtteordninga, seier Kristiansen.
SSB skriv at dersom ein skal talfesta ein noregspris-effekt, må ein ta høgd for at dei som har valt å gå inn i ordninga, elles ville fått straumstøtte.
– Når me legg inn straumstøtte i staden for noregspris i berekningane, får me ei endring i straumprisen frå september til oktober for landet samla sett som er omtrent seks prosentpoeng høgare. Altså har innføringa av noregspris dempa straumprisane målt i KPI med seks prosentpoeng i den første månaden av ordninga, skriv SSB.
Matvareprisane opp 6 prosent på eit år
Matvareprisane steig med 0,6 prosent i oktober samanlikna med månaden før. Prisane var 6,2 prosent høgare enn på same tid i fjor.
– Dei siste to tiåra har me vore vande til at prisane på mat og drikke fell i oktober. Men dei siste tre åra har me i staden målt store oppgangar frå september til oktober. Det gjer me òg i år, så her har prisdynamikken endra seg dei siste åra, seier Kristiansen.
Det første brotet med dette mønsteret med at matvareprisane går ned i oktober, kom i 2023, ifølgje SSB.
Kaffi, torsk og sjokolade
Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer er framleis den varegruppa som trekkjer konsumprisindeksen (KPI) mest opp. Der har det dei siste tolv månadene vore ei prisstigning på 3,3 prosent.
Det er ting som kaffi, sukker, fersk torsk og sjokolade som har stige mest i pris.
– Prisveksten på mat og drikke er framleis sterk, og dette er framleis den varegruppa som trekkjer KPI mest opp, når me tek omsyn til både storleiken på prisveksten og kor mykje varegruppa utgjer av det samla konsumet i hushalda, seier Kristiansen. (©NPK)