
Posten åtvarar mot nye svindelforsøk
Posten åtvarar om omfattande svindel. Tekstmeldingar som gir seg ut for å kome frå Posten, er sende ut til folk over heile landet.
– Vi står no i ein ny storm med svindelmeldingar, seier kommunikasjonssjef Kenneth Pettersen i Posten til NRK.
I svindelmeldinga blir det opplyst om at ein pakke er sett på vent fordi postnummeret er ugyldig, og mottakaren av sms-en blir beden om å stadfesta postnummeret ved å gå inn på ei lenke som er vedlagd. Ein blir då sendt vidare til ein falsk nettstad som ser ut som Postens nettsider.
Målet til svindlarane er å lure folk til å oppgi kortinformasjon.
– Vi sender aldri ut tekstmeldingar med lenker der vi ber kundar oppgi kortinformasjon eller annan personleg informasjon, seier Pettersen.
Dei har opplevd ein kraftig auke i førespurnader frå kundar om mistenkjelege meldingar.
– På ein normaldag får vi rundt 50 førespurnader om mistenkjelege tekstmeldingar. No ligg vi på 2000 i veka, seier han.
(©NPK)