Hordaland Tingrett i Bergen.

Politimann dømd til to års fengsel: – Maktforhold heilt ut av balanse

Ein politimann frå Vest politidistrikt er dømd til to års fengsel etter vald mot eks-sambuaren. I tiltalen blir hendingar beskrivne med slag, spark, grep om halsen og hard riving av håret hennar.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv har politimannen frå Vest politidistrikt erkjent å ha slått den dåverande sambuaren sin ved eit par høve, men ikkje meir enn det, skriv Bergensavisen.

Aktor Jan-Inge Wensell Raanes kalla relasjonen for eit fysisk og psykisk maktforhold heilt ut av balanse.

No har Hordaland tingrett komme med dommen i saka. Mannen i 30-åra er dømd til fengsel i to år.

Han blir også frådømd jobben som politibetjent i Vest politidistrikt.

Vidare er mannen dømd til kontaktforbod overfor eks-sambuaren på ubestemd tid, og han må betale henne 180 000 kroner i erstatning, melder BA.

Hordaland tingrett har funne det bevist at den tiltalte frå våren 2023 og fram til pågriping i juni i fjor har mishandla kvinna ved gjenteken og alvorleg vald, truslar og verbale krenkingar.

«Handlingene har utgjort et klart mønster som for fornærmede har skapt en tilværelse preget av frykt for utrygghet og vold og som har medført en utrygghet som går langt utover det som er vanlig, eller som personer i et samliv skal tåle», heiter det i dommen.

Kvinna fortalde om eit turbulent forhold som dei siste åra utvikla seg til å bli fysisk, etter lang tid med psykisk vald og nedsetjande kommentarar. (©NPK)

Powered by Labrador CMS