Pipebrann på Hestenesøyra
Mannskap frå Gloppen brann og redning rykte ut til ein pipebrann på Hestenesøyra torsdag ettermiddag.
Alarmen gjekk i 17:30-tida.
- Det var mykje røyk og gneistar i starten, men det roa seg forholdsvis raskt. Det var eigentleg ganske udramatisk, seier brann- og beredskapssjef Kjell Aske i Gloppen kommune.