Luis Pimenta held fram med å tre til side frå jobben som Sogndals hovudtrenar.

Pimenta må halde fram Sogndal-pausen

Luis Pimenta er ute av rolla som Sogndal-trenar i minst tolv dagar til.

Publisert

Partane er samde om å forlengje pausen til 26. august, står det i ein uttale.

Sogndal har ikkje vorte leidd av Pimenta sidan 26. juni. Då steppa Eirik Bakke inn mellombels, og det vart sagt at det i første omgang dreidde seg om ei veke. No går det mot to månader utan ei avklaring.

Situasjonen oppstod etter at 1.-divisjonsklubben fekk bekymringsmeldingar med påstandar om Pimentas oppførsel.

Fredag opplyser Sogndal at begge partar er opptekne av å ta innhaldet på alvor og undersøkje det «på ein god måte».

Lokalavisa Sogn Avis har i ein serie artiklar sett søkjelyset på Pimentas leiarstil og fortalt historier frå spelarar som skal ha vorte forskjellsbehandla av trenaren.

Pimenta tok over som hovudtrenar i Sogndal framfor 2024-sesongen og leidde klubben til kvalifiseringsspel om eliteserieopprykk i sin første sesong.

I desember i fjor forlengde portugisaren kontrakten med Sogndal.

Pimenta har tidlegare leidd Noregs G18- og G19-lag, og han har også vore trenar i mellom anna Kongsvinger. (©NPK)

Powered by Labrador CMS