Person funnen omkomen i Hyen

Publisert Sist oppdatert

Politiet fann torsdag ettermiddag ein livlaus mann i Eimhjellevatnet/Storefjorden i Hyen. Livreddande tiltak blei sette i verk, men mannen blei erklært død av lege kort tid seinare. 

Politiet blei varsla då mannen ikkje kom heim som avtala etter ein fisketur. Båten til mannen blei funnen tom på vatnet, opplyser Bergens Tidende. 

Det vart sett i verk søk med redningshelikopter. Etter ein halvtime fann helikopteret mannen livlaus i vatnet.

Dei pårørande er varsla.

Powered by Labrador CMS