Hallvard Viken og Miriam Engen sel julevarer til både turistar og nordmenn frå januar til desember.

Jul sel – året rundt

I 1991 opna suvenirbutikken Audhild Viken ei juleavdeling på Skei. Over 30 år seinare er det framleis julestemning i det raude huset ved E39.

Tar du ein skarp venstre når du stig inn døra hos Audhild Viken på Skei, kan du fort bli litt forvirra. For sjølv om det er sommar og sol ute, er det du grøne, glitrande og englar som dalar ned i skjul inne.

Nissar, julelys og julekort styrer showet i rommet som er merka Julestova, og dei tar seg ikkje nær av om det står juli eller jul på kalenderen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skeptiske

– Vi hadde behov for å byggje ut litt, noko som gjorde at vi fekk kjøpe det gamle skulehuset på Skei. Då kom eg på ideen om at vi kunne bruke kjellaren der til ein heilårs julebutikk, seier Hallvard Viken.

Han innrømmer at dei var litt spente på reaksjonane.

Då som no var det ikkje alle som var like nøgde med at butikkane starta med julevarene lenge før jul. Her skulle altså Viken ta dette til det heilt ekstreme, og fylle hyllene med nissar og julekuler året rundt.

– Mange synst nok kanskje det var upassande å selje julevarer heile året rundt, seier han.

– Vi var litt spente på reaksjonane då vi starta opp julebutikken. Var det upassande å selje julevarer heile året, seier Hallvard Viken

Impulsar frå utlandet

Men Viken tok ikkje ideen heilt ut av det blå. Audhild Viken er ei bedrift som først og fremst vender seg mot utanlandske turistar, og spiren til juleideen kom frå ein amerikanar.

– Han fortalde meg at han sakna ein julebutikk i Noreg. I Amerika var dei vane med slike butikkar som tilbydde julevarer heile året rundt.

Etter kvart var det fleire turistar som spurde Viken om det same. Impulsane frå kundane gjorde at han til slutt torde å satse.

– Eg tenkte at dette er det faktisk ein marknad for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Jul i ny butikk
Handmåla små kunstverk.

Utvida

No, 30 år seinare, er julebutikken framleis ein suksess, og julegleda har spreidd seg til andre delar av Audhild Viken-konsernet òg. I Stavanger er heile andre etasje av butikken dedikert til julepynt, og på Bryggen i Bergen laga dei rett og slett eit eige julehus, tre etasjar med berre julerelaterte produkt.

Det er ikkje tvil om at jul sel, og for dei mange turistane som er innom butikken i løpet av sommarhalvåret, er det ikkje reint få av dei som forsiktig har pakka med seg norsk julepynt heim.

Populære motiv: Julekuler frå alle kyrkjene i Sogn og Fjordane.

Handmåla julekuler

Nokre av dei har kanskje kjøpt med seg eit eksemplar av ei pyntekule med kyrkjemotiv frå Sogn og Fjordane.

– Dei er veldig populære, og vi må stadig bestille nye kuler av dei ulike kyrkjene.

Kyrkjekulene og dei andre handmåla kulene dei sel, er nok kanskje dei produkta som fyk fortast ut av dørene i det raude huset.

Les også
Hos Inger Karin startar julehandelen tidleg

Men her er mykje å velje i, frå tradisjonelle juleløparar til klokkespel, nøtteknekkarar og porselensnissar.

Og skeptikarane? Dei har nok sakte, men sikkert kome over på julesida.

– Eg minnest ei dame som hadde vore nokså negativ om oppstarten av julebutikken. Ein dag kom ho inn døra og forsvann inn i butikken. Ei lita stund etterpå kom dama tilbake med full korg som bogna av julevarer, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kule med Helgheim kyrkje i Jølster som motiv.
Les også
Randi elskar å pynte til jul: – Minimalisme er ikkje noko for meg