Norgesgruppen opplyser at dei skal opprette 100 beredskapsbutikkar i heile landet.

Opprettar beredskapsbutikkar over heile landet

Daglegvaregiganten Norgesgruppen opprettar minst 100 såkalla beredskapsbutikkar. Butikkane skal kunne forsyne kundar med mat i krisetider.

Publisert

Beredskapsbutikkane skal vere spreidde over heile landet, vere utstyrte med viktige tørrvarer, hygieneprodukt og vatn, og dessutan ha gode parkeringsmoglegheiter, skriv Norgesgruppen i ei pressemelding.

– Det er nødvendig å planleggje for dei mest alvorlege scenarioa. Derfor har vi sett i verk arbeidet med å opprette minst 100 beredskapsbutikkar, seier konsernsjef Runar Hollevik i pressemeldinga.

Ifølgje daglegvarekjeda kjem vareutvalet i desse butikkane til å variere ut frå den aktuelle krisesituasjonen, og dersom forholda ligg til rette for det, skal butikkane også tilby kjølte og frosne varer.

Norgesgruppen, ein av Noregs største aktørar i daglegvarebransjen, eig mellom anna kjedene Kiwi, Meny, Joker og Spar. (©NTB)

Powered by Labrador CMS