Opnar kyrkja for lystenning og bøn
Sandane kyrkje vil vere open frå kl. 12:00 til kl. 19:00 fredag for lystenning, bøn, stille ettertanke og signering av kondolanseprotokoll.
Det opplyser Kyrkja i Gloppen i ei pressemelding.
- Kyrkja i Gloppen har med sorg teke imot meldinga om at Hans Majestet Kong Harald er død. Gjennom eit langt liv i teneste for Noreg har kongen vore eit samlande symbol for landet vårt og eit nærverande medmenneske i både glede og sorg. Vi kjenner djup takksemd for den innsatsen han har gjort for folket og nasjonen. I denne stunda går tankane våre særleg til den kongelege familien. Kyrkja i Gloppen ber for dei som har mista ein far, bestefar og nær slektning, og for alle som no kjenner sorg over kongen sin bortgang, heiter det i pressemeldinga.
Vidare blir det opplyst at Sandane kyrkje vil vere open frå kl. 12.00 til kl. 19.00 fredag for lystenning, bøn, stille ettertanke og signering av kondolanseprotokoll:
- Kyrkja er open for alle som ønskjer ein stad å samlast, tenne eit lys eller sitje i stille refleksjon. Det blir høve til å skrive i protokollen i samband med gudstenesta i Vereide kyrkje komande søndag kl. 11.