Helsetilstanden til kong Harald er uendra, melder Slottet i ei pressemelding ved 17-tida torsdag.

Helsetilstanden til kongen er uendra, melder Slottet

Tilstanden til kong Harald er uendra, melder Slottet. Tidlegare torsdag melde dei at tilstanden var svært alvorleg.

Publisert

Kongefamilien besøkte kong Harald på Rikshospitalet torsdag. Kronprinsfamilien har seinare reist heim til Skaugum.

Dronning Sonja er også fotografert på veg inn til Rikshospitalet, men er ikkje observert på veg ut frå Rikshospitalet.

Også prinsesse Astrid og Marius Borg Høiby har besøkt kongen torsdag.

I oppdateringa gjentek Slottet at reisa til kronprins Haakon til Færder nasjonalpark og reisa til dronning Sonja til Trøndelag er avlyste. (©NPK)

Powered by Labrador CMS