Omstillingsarbeidet i Helse Førde går mot slutten
Nærare 30 årsverk blir tekne ned i Lærdal, men når omstillingsarbeidet går mot avslutning er det kun tre som ikkje har ein fast jobb å gå til etterpå. Dei har tilbod om å halde fram i vikariat den næraste tida.
Vel 70 tilsette ved kirurgisk og medisinsk seksjon ved Lærdal sjukehus har vore omfatta av omstillingsarbeid, etter at styret i Helse Førde vedtok å legge ned ortopedisk seksjon ved sjukehuset 29. januar i år.
Omstillingsutvalet ved sjukehuset gjorde endeleg vedtak om innplassering av dei store yrkesgruppene: sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og spesialsjukepleiarar tysdag denne veka. Dei tilsette vart informerte i løpet av onsdagen.
Tre personar
Om lag halvparten av desse vil halde fram i stillingane som dei har hatt. Dei andre, til dømes dei som arbeider på ortopedisk sengepost, ortopedisk poliklinikk eller avdeling for anestesi, intensiv og operasjon, får endringar.
– Ein god del som har fått innvilga førstevala sine, og så er det nokre som må plasserast inn ein annan stad enn dei opphavleg ønskte. Men dei har framleis tilbod om faste stillingar hjå Helse Førde i Lærdal, seier HR-direktør i Helse Førde, Arne Skjelten.
Leiarane i Lærdal hadde onsdag samtalar med dei som har vore under omstilling. Støttetenester i form av juristar, HR og bedriftshelsetenesta har også vore til stades.
– Vi er nede i tre personar som ikkje får tilbod om fast stilling no, men dei vil førebels kunne gå inn i vikariat vi treng folk i. Det kan bli ledige jobbar til dei etter kvart, men dei er i alle fall sikra vikariat i tida som kjem.
Tek vare på kvarandre
Seks legeårsverk og til saman 24 ulike sjukepleiarårsverk blir tekne ned i samband med strukturendringane. Mellom anna har fire har takka ja til stillingar i Førde eller Eid og ti har slutta av eigen vilje. Dette har gjort det enklare å finne arbeid til fleire i Lærdal.
Skjelten skildrar ein krevjande prosess, prega av kreativitet frå løysingsorienterte leiarar, tilsette, tillitsvalde og verneombod.
– Dei tilsette i Lærdal er flinke til å ta vare på kvarandre. Vi har vore der mykje, og kvar gong merkar vi kor tøft det har vore for dei som står i det. Folk har vore usikre på jobbane sine, men har likevel teke svært godt vare på pasientane og vist omtanke for kvarandre. All ære til dei for det, seier Skjelten.
Helse Førde gjennomfører for tida møter med vertskommunane Stad og Lærdal for å finne ein vidare driftsmodell for skadepoliklinikkane ved sjukehusa i Nordfjord og Lærdal.