Sentralbanksjef Ida Wolden Bache held seg til planen, trur økonomane.

Økonomane trur ikkje på nytt rentesjokk

Noregs Bank held seg til planen og kuttar styringsrenta tidlegast i september, er det unisone svaret frå økonomane på spørsmål frå NTB.

Publisert

– Endringane i nøkkeltala sidan sist er nok for små til at Noregs Bank avvik frå planen, seier sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken Capital Markets til NTB.

Då Noregs Bank kom med eit overraskande rentekutt i juni, signaliserte dei samtidig at det truleg kjem eit nytt rentekutt innan utgangen av året – frå 4,25 til 4 prosent. Det varierer om økonomane trur på eitt eller to rentekutt, men alle er einige om at det i så fall tidlegast kjem i september.

Høgare enn naboane

Dermed held Noregs Bank seg på ei styringsrente som ligg noko over Sverige, Danmark og eurosona, men samtidig peikar Gonsholt Hov på den høge svenske arbeidsløysa, og at kjerneinflasjonen i Noreg og Sverige er ganske lik. Danskane held seg stort sett på line med Den europeiske sentralbanken (ESB) ettersom den danske krona er tett knytt opp til euroen.

– Sagt på ein annan måte, ville også vi her heime hatt lågare rente dersom vi hadde hatt høgare arbeidsløyse, seier Gonsholt Hov.

Arbeidsløysa blir målt på fleire måtar i Noreg, og den såkalla Aku-arbeidsløysa frå Statistisk sentralbyrå (SSB) auka med heile 0,8 prosentpoeng frå første til andre kvartal. Men Noregs Bank ser mest av alt på Nav-tala – som berre måler kor mange som er registrerte som arbeidssøkjarar, ikkje andre tal.

– Auken kom som følgje av at fleire melde seg på i arbeidsstyrken. Oppgangen styrkjer nok Noregs Banks tru på at norsk økonomi har kapasitet til å veksa meir enn det ein tidlegare har gått ut frå, ei tru som bidrog til rentekuttet i juni, påpeikar sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets.

Kronekursen påverkar

Derimot har ikkje kronekursen oppført seg slik Noregs Bank la til grunn ved inngangen til sommaren, noko som fleire økonomar peikar på i svara sine til NTB. Totalt er krona cirka 2 prosent svakare enn det Noregs Bank spådde.

– Isolert sett trekkjer det opp rentebanen. Det blir spennande å sjå om Noregs Bank kommenterer på dette – og om vi kan sjå teikn til at dei legg litt mindre vekt på den løpande utviklinga og vender tilbake til meir fleksibel inflasjonsstyring, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg.

Andre, mellom andre Haugland, ser på dette som eit isolert argument for å venta med rentekuttet, særleg sidan prisveksten framleis ligg over 3 prosent. Målet til Noregs Bank, til liks med mange andre vestlege sentralbankar, er å halda inflasjonen under 2 prosent.

Valkampen påverkar ikkje

Ein faktor som i alle fall ikkje påverkar renteavgjerda, er valkampen, trur økonomane. Dei ser mellom anna ei brei oppslutning om hovudlinene i den økonomiske politikken blant dei største partia.

– Det er alltid mange friske utspel i sluttspurten på valkampen. Noregs Bank må likevel leggja til grunn at statsbudsjetta framover blir ansvarlege, same kven som vinn valet, seier sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen.

– I realiteten trur eg vi for det første må ta innover oss at vi er eit lite land i verda, og at inflasjonsutviklinga er knytt mykje opp til internasjonale forhold og dermed også den internasjonale rentesetjinga, seier Gonsholt Hov.

Trump-tollen spøkjer

Verdsøkonomien har hatt eit uroleg år, særleg påverka av USAs president Donald Trump og den uføreseielege handelspolitikken hans. Økonomane er delte i synet på korleis dette påverkar Noregs Bank.

– Auka handelsbarrierar fordyrar den globale handelen og er venta å svekkja den globale aktivitetsveksten. I den grad svakare aktivitetsvekst smittar over på norsk økonomi vil sentralbanken måtta avvega behovet for låg rente for å stimulera innanlandsk økonomisk aktivitet mot behovet for å halda inflasjonen i sjakk, seier sjeføkonom Øystein Dørum i Næringslivets handelsorganisasjon (NHO).

Andre påpeikar at situasjonen har roa seg noko i det siste, og at Noreg ikkje er blant landa som blir hardast ramma av høgare tollmurar frå USA.

– Noreg står godt rusta til å møta internasjonalt ruskevêr, samanfattar Andreassen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS