Nytt smittetilfelle i Stad

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.

– Personen kom heim frå utlandet og testa positivt ved innreise. Personen har vore i innreisekarantene fram til testresultatet kom og er no i heimeisolasjon. Det er éin nærkontakt til den smitta i Stad kommune. Denne personen er i karantene og vert testa. Dette tilfellet har inga kopling til allereie kjente smittetilfelle i området dei siste vekene, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding.