Juryleiar Monica Haanes Waagan (t.v.) og prisvinnar Silje Vatne Ersland.

Nynorsk næringslivspris for 2025 til Kattnakken

Regnklede-produsenten Kattnakken på Stord er tildelt Nynorsk næringslivspris for 2025.

Publisert Sist oppdatert

Gründer Silje Vatne Ersland starta opp verksemda i 2013. I dag har ho ti tilsette med ei omsetning på nær 47 millionar kroner og eit overskot på ni millionar kroner i 2024. Ho er framleis eigar og kreativ leiar av Kattnakken, som har teke namnet sitt frå ein fjelltopp på Stord.

Suksess på nynorsk

– Med nynorsk som språk på nettsider, merkelappar, i sosiale medium og annan kundekommunikasjon, viser Kattnakken fram korleis nynorsk språk kan kombinerast med suksess i næringslivet, seier juryleiar Monika Haanes Waagan i ei pressemelding.

Nynorsk er ein del av det flotte og ærlege uttrykket til Kattnakken. Nynorskbrukarar i heile landet vert stolte og glade av å sjå språket sitt i bruk på denne måten, legg ho til.

Silje Vatne Ersland meiner det er viktig for ei verksemd å ha «eit ærleg uttrykk». Ifølgje juryen er nynorsken ein viktig del av det «ærlege uttrykket» frå Kattnakken.

I grunngivinga seier juryleiar Monica Haanes Waagan, som også er leiar av Nynorsk bedriftsforum, blant anna dette:

– Frå toppen av Kattnakken kan ein sjå vidt omkring. Like vidsynt som når ei næringsverksemd tek i bruk og held på nynorsken. Det er språkmangfald i praksis. Det gjer oss nynorskbrukarane glade for ikkje minst stolte når vi får sjå språket vårt rundt oss i det private næringslivet. Og som sunnmøring lyt eg få seie, at det skadar heller ikkje at du attpåtil tener gode pengar.

– Ein kamp

Haanes Wågan viser til at bedriftseigaren sjølv har sagt at det har vore ein kamp å halde på nynorsken, og at juryen takkar henne for dette arbeidet.

Kattnakken har satsa på regnklede som er heilt vasstette, og slik passar dei perfekt for den norske marknaden. Det er regnklede for ungar som gjerne siktar seg rett på vassdammane. Kleda er også eit godt alternativ til vaksne, anten ein har arbeidet sitt ute mellom desse ungane, syklar til jobben eller vil vere ute i naturen sjølv om det regnar eller bles, heiter det blant anna i grunngivinga frå juryen.

Dei viser også til diktet Kattnakken har lagt ut på Facebook-sidene sine:

« Om du trur solskin bring deg lukke, då har du ikkje dansa i regnet i ei jakke frå Kattnakken»

Nynorsk næringslivspris er næringslivsprisen til Noregs Mållag. Prisen har vore delt ut sidan 2006, og Kattnakken er den 17. i rekka av vinnarar.

Med seg i juryen har Monika Haanes Waagan hatt med seg Anne-Mette Hjelle, Liv Astrid Hesjedal og Jan Tormodsæter. (©NPK)

Powered by Labrador CMS