Synnøve Marie Sætre har lang erfaring med kampen for nynorsk, og har også vore lektor.

Ny politisk rådgjevar i Mållaget

Synnøve Marie Sætre (35) vert ny leiar i Noregs Mållag.

Publisert

Det melder Mållaget i ei pressemelding. Sætre kjem frå stillinga som leiar ved Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

– Eg har arbeidd med språkpolitikk heile mitt vaksne liv og tykkjer det skal verta spanande å halda fram med det på ein ny måte, uttalar ho.

Sætre har tidlegare vore aktiv i Målungdomen då ho gjekk på UiO, og ho var leiar i Norsk Målungdom frå 2015 til 2017. Ho var nestleiar i Mållaget frå 2020 til 2024 og var fungerande leiar i to periodar.

Dei siste åra har ho budd i heimbygda, nynorskens heim, Ørsta. No flyttar ho til Bergen.

– Det er meiningsfylt å jobba for å sikra gode vilkår for nynorsken og nynorskbrukarane, seier ho.

Ho tar til i stillinga i midten av juni. (©NPK)

Powered by Labrador CMS