Elias Eide (H) har skrive dette innlegget. Foto: Fredrik Mohn / Vestland Høgre.

Not in My Backyard?

Den store debatten i Vestland har denne våren vore skule. Færre elevar, og fleire som vel yrkesfag er bakteppe når framtidig skulestruktur (les skulebruksplan) har vore på dagsorden. Ei utvikling vi har visst om lenge, men som mange berre har lukka augene for. Det er ti år sidan sist skulebruksplan, og alle har visst at det vil vere på tide med ein ny.

Skulepolitikk engasjerer. Det har i alle fall vi i opplæringsutvalet merka. Innboksen har fylt seg opp med hundrevis av e-postar. Alt ifrå musikklag i Sunnhordaland, tømrarar på Voss og biletkunstnarar i Sunnfjord. Fylkespolitikarane har reist land og strand for å besøke skular og delta på høyringsmøte.

Artikkelen held fram under annonsen.

For situasjonen er slik: I dag har vi 2 500 ledige skuleplassar i Vestland. Anslår vi at ein plass kostar om lag 200 000 kr, kostar det oss ein halv milliard (500 000 000!) i året. Dei neste ti åra vil det samtidig bli 2 500 elevar, noko som vil bety ytterlegare ein halv milliard i kostnadar. Med andre ord; tar vi ikkje grep kjem vi om ti år til å bruke nær ein milliard på tomme elevplassar. Til samanlikning er heile opplæringsbudsjettet i dag på dryge fire milliardar kroner.

Det enorme engasjementet kan best oppsummerast slik: Alle forstår vi må gjere grep, men ingen vil ha endringar i sin region eller på sin skule. På god nynorsk; «Not in My Backyard». Men dette er vel eigentleg inga overrasking, slik har det truleg alltid vore.

Administrasjonen sitt framlegg er eigentleg overraskande forsiktige. Hadde dei fått fullt gjennomslag hadde talet på ledige elevplassar «berre» blitt redusert med om lag 700. Med andre ord legg dei opp til at vi framleis vil bruke 800 millionar på ledige plassar.

Det er fleire ting ved framlegget eg er dundrande usamd i. Og i desse dagar jobbar vi med å på avklart ei rekkje spørsmål som administrasjonen ikkje har svart på. Kvifor er ikkje kostnadar til bygg og investeringar vurdert, kva er eigentleg innsparingane ved å legge ned eller å slå saman skular og korleis samsvarar utdanningstilbodet vårt eigentleg med næringslivet sine behov?

Fleirtalspartia som styrer har allereie i praksis avlyst store deler av forslaga frå administrasjonen. Dei har og sagt dei ikkje vil ha ein skulebruksplan, men heller ei tilbodsstruktursak. Eg fryktar konsekvensane av dette blir at vi får denne saka på nytt etter kvart einaste val. Og det får vi om vi ikkje er villige til å ta ansvar no, og lage ein skulestruktur som står seg. Det vil kunne smerte no, men bli best på sikt.

For å unngå omkampar og uvissa om når neste skulebruksplan vil komme har Høgre frå dag éin sagt vi ynskjer oss eit breitt forlik i denne saka. Det vil utvilsamt vere til det beste for elevane. Så vil hausten vise oss om dette er mogleg.

Måndag går høyringsfristen ut. I august kjem administrasjonen med sitt endelege framlegg. 01. og 02. oktober skal saka endeleg avgjerast på Fylkestinget i Førde. Eg oppfordrar å bruke dei to siste dagane på å sende inn høyringsinnspel. Tenk på elevane sitt beste – det er trass alt dei vi driv skule for.

Det er ingen tvil om at det blir ein viktig og spennande haust. Vi kjenner på ansvaret, og det skulle berre mangle i ei så viktig sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elias Eide, fylkestingsrepresentant for Høgre. Skei i Jølster