Nestleiar Live Havro Bjørnstad og leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag fotograferte på landsmøtet i organisasjonen tidlegare i år.

Noregs Mållag i kraftig vekst

Denne veka nådde Noregs Mållag 16.426 medlemer, det høgste medlemstalet på 40 år.

Publisert Sist oppdatert

Medlemstalet i mållaget har auka kraftig dei siste åra. No har laget over 2000 fleire medlemer enn for fem år, 4000 fleire enn for ti år sidan og 6000 fleire enn for 20 år sidan.

– Folk ser at arbeidet vårt fungerer. Mållaget står bak viktige gjennomslag for nynorsken både lokalt, regionalt og nasjonalt. Fleire medlemer er med på å gjere alt dette mogleg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Han fortel at dei aller flest medlemene i Mållaget har vore med i årevis, noko som lovar godt for vidarevekst. Han karakteriserer dei mange lokallaga over heile landa som ein triveleg gjeng som ynskjer alle velkomne.

– No brettar vi opp ermene for eit nytt år med eit rekordstort Noregs Mållag. Vi skal få til viktige politiske gjennomslag for nynorsken og nynorskbrukarane framover, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. (©NPK)

Powered by Labrador CMS