Sentralbanksjef Ida Wolden Bache held styringsrenta uendra på 4 prosent, men seier at Noregs Bank ser for seg eitt til to rentekutt neste år.

Noregs Bank: Uvisse om utsiktene, men ser for seg 1–2 rentekutt neste år

Noregs Bank heldt som venta styringsrenta uendra på 4 prosent torsdag, men ventar eitt til to rentekutt neste år.

Publisert

Sentralbanken held som venta styringsrenta uendra på 4 prosent. Samtidig meiner dei at utsiktene framover er noko usikre.

– Vurderinga til komiteen er at det framleis trengst ein innstrammande pengepolitikk. Prisveksten er framleis for høg, skriv Noregs Bank i ei pressemelding.

Banken ser for seg eitt til to rentekutt neste år, med eit rentenivå på litt over 3 prosent mot slutten av 2028. Dei anslår også ein prisvekst på nær 2 prosent i 2028.

Banken har sett ned styringsrenta to gonger i år, frå 4,5 til 4 prosent.

– Vi har ikkje hastverk med å setje renta ned. Renteutsiktene er lite endra sidan førre rapport. I anslaga våre minkar den gjennomsnittlege bustadlånsrenta til i overkant av 4,5 prosent i 2028. Vi ser altså ikkje for oss ein stor nedgang i renta framover, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Likevel viser banken til at utsiktene er litt meir usikre enn før. Dersom krona svekkjer seg meir eller kostnadene for bedriftene held fram med å auke, så kan det bli behov for ei høgare rente. Det kjem fram i den pengepolitiske prognosen frå sentralbanken som vart lagt fram torsdag.

Også tidlegare har Noregs Bank anslått eitt rentekutt i året dei neste par åra. (©NPK)

Powered by Labrador CMS