Sentralbanksjef Ida Wolden Bache held renta uendra. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Noregs Bank held styringsrenta uendra: – Framleis behov for innstrammande pengepolitikk

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache og Noregs Bank gjer ingen endringar i styringsrenta, men seier det framleis ligg an til vidare kutt i år.

Publisert Sist oppdatert

Etter overraskingskuttet rett før sommaren var det ikkje venta at Noregs Bank skulle gå for endå eit kutt i styringsrenta. Avgjerda frå rentemøtet i går vart lagt fram under Arendalsveka torsdag.

– Jobben med å få bukt med inflasjonen er ikkje fullført. Det er framleis behov for ein innstrammande pengepolitikk. Samtidig ønskjer vi ikkje å bremse økonomien meir enn nødvendig. I juni byrja vi å lette litt på bremsen, og det vil truleg vere rett å halde fram ei forsiktig normalisering av styringsrenta framover, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

I prognosen frå rentemøtet i juni la Noregs Bank til rette for eitt eller to rentekutt til i år, men Wolden Bache ønskte då ikkje å gi nokon konkrete tidspunkt for eventuelle renteendringar. Det gjer ho heller ikkje no, og sjølv om det ikkje kjem nokon oppdaterte renteprognose i dag, seier sentralbanksjefen at utsiktene ikkje har forandra seg.

– Renteprognosen vi la fram i juni indikerte endå eitt til to rentekutt i løpet av året. Vi har ingen nye prognosar no. Men den informasjonen vi så langt har fått, tyder på at utsiktene for norsk økonomi ikkje er vesentleg annleis enn vi då såg for oss.

Før renteavgjerda var det brei semje blant økonomar om at det ikkje var venta eit rentekutt denne månaden, etter at styringsrenta vart sett ned for første gong på fem år før sommaren.

Powered by Labrador CMS