Noregs Bank held renta uendra på 4 prosent
Noregs Bank har som venta vedteke at styringsrenta blir halden uendra på 4 prosent.
– Jobben med å få bukt med inflasjonen er ikkje fullført, og vi har ikkje hastverk med å setje renta ned, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
Sentralbanksjefen held pressekonferanse klokka 10.30 der ho skal gjere greie for dagens renteavgjerd.
Sist renta vart sett ned, var i september. Då sa sentralbanksjefen at rentenedgangen truleg ikkje skjer like rask som dei såg for seg tidlegare i år.
Ned i løpet av det neste året
– Dersom økonomien utviklar seg om lag slik vi no ser for oss, set vi renta vidare ned i løpet av det næraste året, seier Wolden Bache.
Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet vurderer at det ikkje har komme ny informasjon som vesentleg endrar utsiktene for norsk økonomi sidan rentemøtet i september.
Prisveksten har lenge lege over målet, sjølv om den underliggjande inflasjonen no er rundt 3 prosent. Samtidig har arbeidsløysa auka noko, og kapasitetsutnyttinga i økonomien er tilbake på eit meir normalt nivå.
Kan bli behov for høgare rente
Noregs Bank har i år sett renta ned to gonger – frå 4,5 til 4 prosent – som ledd i ei gradvis normalisering av pengepolitikken.
Komiteen vurderer framleis at pengepolitikken må vere innstrammande for å få prisveksten ned. Eit for raskt rentekutt kan føre til at inflasjonen held fram med å vere høg, heiter det i pressemeldinga frå Noregs Bank.
– Skulle det bli utsikter til at prisveksten held seg oppe lenger enn anslått, kan det bli behov for ei høgare rente enn vi såg for oss i september, skriv banken vidare.