Snittkostnaden for bilsmellar hausten 2020 var på over 20.000 kroner. Foto: Frende Forsikring

Nordmenn krasja for 1,5 milliardar kroner i fjor haust

Hausten 2020 krasja om lag 780 personbilar i Noreg dagleg, ifølgje tal frå Finans Norge. Frende Forsikring fryktar nye milliardsmell for norske bilistar.

Det kan bli mange uhell og ulukker når mørket og kulda kjem dei komande vekene, skriv Frende Forsikring i ei pressemelding. Dei peikar blant anna på at fleire skiftar til vinterdekk for seint, ifølgje skadestatistikken.

Det kan også bli høgare skadetal i år enn i fjor, trur fagsjef for motor i Frende Forsikring, Roger Ytre Hauge.

– Det var høge tal i 2020, men då var det faktisk godt under normalen på grunn av korona. Hausten 2019 var skadekostnaden over to milliardar for uhell med norske personbilar. Talet kan bli høgare i 2021 enn i 2020 på grunn av fleire bilar på vegane enn under nedstenginga i fjor, seier Ytre Hauge i pressemeldinga.

Han seier det er viktig å vere vaken bak rattet, ta seg tid til å følgje godt med, ikkje stresse eller skunde seg fram.

(©NPK)